Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

Jo, du gjer som dei ni damene i og rundt Nordfjordeid. Du startar Jenteringen, ein hakket meir aktiv og organisert dameklubb enn dei vi normalt kjenner til.

Ringen er sett saman av ulike grupperinger av venner og kjente, og til saman dannar dei altså Jenteringen som blir forklart som «organisert dugnad der ein bidrar når ein kan. Og når ein ikkje kan, får ein ikkje lov å ha dårleg samvit for det»

Det står å lese i ringen sine eigne vedtekter. For sjølv om mange av samankomstane også handlar om å ha det kjekt i lag, har dugnadsringen oppstått utifrå eit reelt behov.

– Vi har jo alle mange prosjekt. Det er alltid noko ein skal gjere, seier Terese Balsnes. Foto: Svanhild Breidalen

– Det var nok Bente som fekk ideen, og lanserte den under eit sushikurs, seier Linda Balsnes, og ser bort på Bente Vonheim, som nikkar.

– Ja, men eg var nok litt bakpå den gongen. Eg hadde renovering av hagen, eit drivhus som skulle opp, plutseleg hadde eg kjøpt hytte, og det var golv som skulle leggast. Det balla på seg, ler ho.

– Vi har jo alle mange prosjekt. Det er alltid noko ein skal gjere, seier søstera til Linda, Terese Balsnes.

– Vi tenkte at det sikkert var mange som hadde andre talent enn oss sjølve og at vi kunne utnytte det, seier Linda, og får støtte av Siri Kjøsnes.

– Ein har jo nettverk, kanskje besteforeldre og annan familie, men det er ikkje alltid ein har lyst å spørre eller føler ein kan, seier ho.

Bente Vonheim (t.v.) og Siri Kjøsnes har ikkje noko problem med å vaske vindu og støtte Ukraina samtidig. Foto: Svanhild Breidalen

Stilte opp med vaskebøtta

Då Fjordenes Tidende møtte gjengen hadde sju av ni møtt opp til vindaugspussedugnad nettopp på Balsnes Gard der Terese skulle ha konfirmasjon om ei veke.

– Vi får huset fullt av slekt og vener, og så har eg høyrt at ein visstnok må ha reine vindauge. Det har ikkje vi. Når sola står på, er det vanskeleg å sjå ut. Eg vil jo framstå på ein ordentleg måte når svigermor kjem, smiler ho, og legg til:

– Men det er frykteleg mange vindauge! Det tar uhorveleg lang tid åleine, men litt kortare tid når ein er mange.

Felles for alle er også at ein ikkje har lyst å belaste familien og dei ein kjenner unødig mykje. Foto: Svanhild Breidalen

Ikkje alltid lett å spørre

Eit slikt nettverk som damene har laga kan vere lurt av mange grunnar. Nokre har lite familie på staden, andre er tilflyttarar og jobbar med å bygge opp eit nettverk. Og felles for alle er også at ein ikkje har lyst å belaste familien og dei ein kjenner unødig mykje.

Løysinga blei jenteringen der du har den tryggleiken at du alltid kan spørre.

– Det er så snaut å ha ei sånn gruppe der du kan spørre, og du veit at dei gjerne bidrar, seier Solbjørg Haveland.

Sjølv er ho eigentleg frå Bremanger.

– Det er jo sånn at når ein flyttar til ein stad, så er gjerne folk allereie godt etablert med venner og omgangskrets. Så det er fint å bli plukka opp i eit sånt konkret nettverk som dette, seier ho, og legg til:

– Men når det er sagt, vil eg også seie at måten vi vart tatt imot då vi flytta hit har vore heilt fantastisk. Vi har blitt inkludert og folk har vore så snille. Vi hadde ikkje tenkt å bli, men no er det vanskelig å tenke på å flytte, smiler ho.

Etter at Fjordenes Tidende reiste frå staden, gjekk heile gjengen i gang med oppgåva som var å vakse vindauge til konfirmasjon. Foto: Svanhild Breidalen

– Eg flytta heim etter 15 år, og mine barndomsvenner var jo då etablert i sine kretsar, så det kan vere vanskeleg å få innpass igjen. Ein må på ein måte bygge opp vennekretsen på nytt, seier Linda.

Søstrene Silje Bakke og Torill Instanes er begge tilflyttarar til Nordfjordeid. Silje for 17 år sidan, og Torill i haust.

– Det er heilt fantastisk å få vere med i ein sånn gjeng. Så hyggeleg, og ein får trent lattermusklane, seier Torill.

Har nokre reglar

Og med den samla kompetansen dei har i ringen kan dei hjelpe til med nær sagt alt mogleg, innanfor visse rammer sjølvsagt.

– Ja, vi har litt reglar. Det er for eksempel sånn at ikkje alle treng å kome kvar gong. Hjelpetida er sett til tre timar, og ein kan godt avslutte med enkel mat, drikke og hygge. Det er tillate å sende stand in med relevant kompetanse om ein vil. Ein kan låne ut sambuarar og eksterne også, forklarar dei.

Og ein melder inn behova i ei gruppe på Facebook med dato, tid, stad, tal hjelparar ein treng og utstyr ein må ta med.

Eit eksempel som viser kor enkelt det kan vere skjedde nyleg. Då var det nokon i gruppa som trengte å låne ein bunad.

– Det er ein ganske stor ting å låne ein bunad, og det er kanskje ikkje alle du føler du kan spørre. Då var det greitt å kunne sende ei melding inn i gruppa, smiler Linda.

Det var her på Balsnes gard at vindauga skulle til pers. Foto: Svanhild Breidalen

Ingen kompetansekrav

Kine Krokstrand er frå Asker, men flytta til kommunen for tolv år sidan. No bur ho i Kjølsdalen med sambuar og tre barn, og er ei av dei som har eit mindre familienettverk.

– Vi har annan familie langt unna, så då er det veldig hyggeleg å bli spurt og kjekt å få vere med, seier ho.

– Klart du får vere med, du som har så god humor, ler Bente.

– Ja, kva er eigentleg kompetansekrava for å få vere med?

– Ingenting. Men Terese kan køyre traktor og har motorsag! seier Bente.

– Eg har traktorlappen, ja, eg øver meg fram og tilbake her på plassen. Motorsaga, den likar eg godt. Eg skal bli skogsarbeidar i neste liv, smiler Terese.

Terese Balsnes bur på Balsnes gard saman med familien. Foto: Svanhild Breidalen

Det er heller ikkje krav til utføring av jobben på ein spesiell måte.

– Nei, berre at ein gjer sitt beste og yter etter evne. Og så er det etter vedtektene verken erstatning eller klagerett på arbeidet, smiler Bente.

Det sosiale

Men ringen av damer som hjelper kvarandre med det meste vedgår at dette også handlar mykje om det sosiale. Det blir gjerne ei god stund med kaffi og «planlegging» før ein går i gang med arbeidet.

Og at det skal vere sommarfest og juleverkstad i ringen er for lengst bestemt.

– Når det står i vedtektene er vi jo nøydde til å gjere det, seier Terese.

Dei er glade for å ha kvarandre.

– Var det ikkje Randi som sa «endeleg er eg også med i ein klubb»? smiler Bente.

– Ja, før i tida var det jo kvinneforeininger overalt. No har vi laga vår eiga med vår eigen vri, seier Terese.

Gode råd for dei som vil starte ein dugnadsring

Det trengst ofte ein initiativtakar

Tenk at det også er ein måte å bli kjent på

Det skal vere lystbetont

Det er lov å seie nei

Legg lista lågt

Ikkje stress

Dårleg samvit er ulovleg

Det skal forenkle kvardagen, ikkje belaste