Namn: Isak Gangeskar

Alder: 19år

Sivilstatus: I eit forhold

Bustad: Molde, men kjem frå Flatraket

Yrke: Student

– Kva er du mest oppteken av?

– Er eigentlig mest oppteken av fotball for tida. I og med at det er midt i ein sesong så er der meste av fokuset ligg.

– Kva gjer du på fritida?

– Fritida mi går stort sett med til trening, skulearbeid og å vere samen med kjærasten og vener.

– Kven beundrar du?

– Beundrar foreldra mine veldig mykje. Dei gjer veldig mykje for at eg og søstera mi skal kunne bu langt vekke, gå på skule og drive på med det vi likar. Det set eg veldig pris på.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Flatraket må vere den flotte naturen, folka som bur der og dei fantastiske solnedgangane om sommaren.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Isak Gangeskar klar for Liverpool!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då ville eg ha vedteke at det skulle byggjast fleirbrukshall i Selje kommune, samstundes som eg hadde begynt å grave ut Stad skipstunell som kan gi eit positivt løft til Selje kommune.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Mitt fyrste Malakoff i 2011 hugsar eg veldig godt. Det var ei flott oppleving.

– Kva har du på nattbordet?

– Ein nattlampe, ei klokke, ei bok og nokon av fliseklemmene til dama.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Prøvar å få med meg litt nyhende i løpet av dagen, så Vg, Nettavisen og nettstadane til lokalavisene i Molde og heime. I tillegg blir det innom facebook og andre sosiale medium.

– Kva er meininga med livet?

– Trur meininga med livet må vere å gjere det som gjer ein lykkeleg, uansett kva det er.

Les tidlegare «Dagens ansikt» her: