Ulykka skjedde måndag klokka 11.48.

– Det er ingen skadar verken på flymaskin eller personell. To personar var om bord, pilot og medpilot, opplyser politiet klokka 12.06.

Politiet var då på staden og gjorde undersøkingar.

– Då det landa er det noko som har ført til at dei ikkje har stansa opp på sjølve rullebana men hamna anslagsvis 20 meter lenger enn rullebana si ende før flyet stansa heilt opp, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannesen i Vest politidistrikt til NRK.

Han seier at det er for tidleg å seie kva som har skjedd og kvifor det har skjedd.

Ifølgje NRK er flyplassen stengd heilt til flyet blir taua vekk.

Eit fly har hamna utanfor rullebana etter landing på Florø lufthamn. Foto: Politiet