Politikarane i Bremanger ville vite kva mandat ordørar Audun Åge Røys (H) har for å delta i kommunesamanslåingsprosjektet saman med Vågsøy og Flora.

- Gjennom media har vi blitt kjend med ordøraren sitt engasjement i samtalane, og dette er ikkje greitt, sjølv om det blir hevda at vi ikkje er med i prosjektet, at vi berre bidreg medi informasjon. Dette kan framstå som svært forpliktande. Det kan sjå ut som om det er gjort avtaler allereie, sa Nina Grotle til ordføraren og kommunestyret.

Ho viste også til at Bremanger sitt kommunevåpen står på prosjektplanen saman med Vågsøy og Bremanger sitt, at Bremanger omtalast som prosjekteigar og at det kan verke som ein er med inntil kommunestyret seier det motsette. Ho ønskte derfor eitvedtak frå kommunestyret i denne saka sjølv om saka ikkje stod på dagens saksliste.

- Dette er Flora sitt prosjekt. Vi har ingen annan agenda enn at vi er med og gir informasjon. Om vi skulle vurdert samanslåing med desse to kommunane ville vi hatt eit par krav: Svelgen skal være kommunesenter og vi skal ha ei bru over Nordfjord. Då kan vi snakkast. Noko meier enn dette ligg det  ikkje i samtalane, sa ordførar Audun Åge Røys.

Grotle fekk imidelrtid mykje støtte i sitt syn på saka, og det blei bestemt at saka måtte takast opp i dagens møte sllik at kommuenstyret får seie si meining om ein vil tilsutte seg dette prosjektet eller ikkje.

- Vi er uryddige. Dette må ordnast opp i, sa Leo Cirotzki (Ap).

- De må vere tydelegare overfor rådmannen i Flora. Han framstår som ein forelska 13-åring, og gjennom media verker det som vi allereie er med i dette samarbeidet, sa Marius Strømmen (Sp) til ordføraren og rådmann Tom Joensen.

Ap foreslo at Prosjekt Kystkommune blir bede om å endre sin møte- og prosjektplan slik at kommunestyret rekk å behandle saka om eventuell tilslutting i sitt neste møte den 11. februar.

- Vi vil ha dette på plass før dei går vidare med sin prosjektplan, sa Espen Sortevik (Ap), som fekk sitt framlegg vedteke.