Det har lukta svidd gummi av karriera til Børning-regissør Hallvard Bræin det siste året. I februar startar innspelinga av oppfølgjaren.

50-åringen med familieband til Åheim har allereie vore i filmbransjen i 30 år. Han er utdanna midt i filmens mekka, Los Angeles, og har ein brei bakgrunn som regissør bak seg gjennom dokumentarfilmane Giganten om Erik Bye frå 2005, Gatas Gynt (2007) og Håkon Bleken, maler (2009).

Men det store gjennombrotet kom altså fyrst i fjor – med en fartsffylte bilfilmen Børning.

Den stakk av med fire Amanda-prisar under årets filmfestival i Haugesund, ein prestasjon som med god margin kvalifiserer til uttrykket «storeslem». I tillegg var det i underkant av 400.000 såg filmen på kino i fjor, og den låg også under mange juletre i DVD- og bluray-format.

– Eit indre driv

Hallvard Bræin er ein aktiv mann, men tillet seg sjølv ei mellomlanding på kafé i Oslo i lag med Fjordenes Tidene ein haustdag. Det skjer inn imellom gjennomlesing av manus og vidare planlegging av Børning2.

Og sjølv om han har hatt stor suksess, har ikkje livet forandra seg stort for filmregissøren.

– Situasjonen er uforandra. Ein trur at ting kan bli lettare, men det er ein myte. Å ha suksess kjennast tilfredsstillande der og da, men det blir fort kvardag igjen, seier Hallvard.

Les også:

I det ligg det at Børning2 mellom anna ikkje har fått støtte frå Norsk Filminstitutt. Men regissøren deppar ikkje, midt i oppkøyringa til opptaksstarten av oppfølgjaren.

– Eg har hatt eit indre driv for å få til Børning2. Det er det eg har jobba med gjennom heile hausten, seier han optimistisk.

I februar skal bilgalskapen igjen fangast med filmkamera i det som vil bli verdens fyrste bilfilm på vinterføre.

Budde i Vanylven

Morsslekta til Hallvard Bræin er frå Åheim, og han reiser dit så ofte han kan for å hjelpe mor si, Astrid.

– Eg budde på Åheim ein periode i ungdomsåra, og var elles der på sommarferie gjennom heile oppveksten. Då hjelpte eg til med slåtten med to-hjulstraktor. Eg var også med morfar i elva og lærde kor dei beste fiskeplassane var, smiler Hallvard av minna.

No tek han sjølv med seg kona Marianne og borna Mathias (10) og Mina (13) vestover for at dei skal få oppleve bygdelivet i Vanylven.

– Seinast for nokre veker sidan var eg og syster mi på Åheim for å reparere taket på løa heime på tunet. Og dette er ting eg elskar å gjere. Eg er ikkje ein som må sitte på ei yogamatte for å nullstille meg. Då lagar eg heller takstolar, flirar hobbysnekkaren.

– Alle gutars draum

Det er eit stykke frå å lage dokumentar om Erik Bye til å regissere den actionprega filmen vi fekk sjå på kino i fjor. Bræin innrømmer at det var mange minner som fekk fullt utløp under Børning-produksjonen, sjølv om han også bedyrar at han er ein roleg mann når han køyrer bil på eigen hand.

– Det går sjeldan fort med meg, men interessa for bilkøyring og bilfilmar er jo der. Vi såg jo på alle desse bilfilmane på slutten av 70-tallet. Filmar som Convoy, Smokey & The Bandit og Cannonball Run gjekk jo heile tida, fortel han.

Børning har blitt vår fyrste skikkelige bilfilm her til lands. Fartsfylt moro på norske vegar, med glimt i auget.

– Det handlar om bilkøyring, og det handlar om moro. Det var det eg ville med Børning. Eg gjekk til produsenten John M. Jacobsen og sa kva eg ville lage. Og han var heilt med på det frå starten, noko Sven Nordin og resten av skodespelarane også var. Å lage bilfilm er jo alle gutars draum, smiler Hallvard Bræin.