11. februar vedtok Bremanger kommunestyre, 14 mot 9 stemmer, ikkje å gå vidare med forhandlingar med nabokommunane. Jorunn Frøyen frå Høgre, som var del av mindretalet, meiner at reaksjonane som har kome i ettertid tilseier at ein må drøfte saka på nytt.

Ho håpar no eit møte i regi av Bremanger Næringsråd vil få fram kva folk eigentleg meiner om å diskutere samanslåing med Vågsøy og Flora.

Dette står å lese på Jorunn Frøyen si Facebook-side.

– Vi prøver å få til eit møte, der Bremanger Næringsråd står som arrangør, og vil høyre kva medlemmer og deltakarar på det møtet ønsker at vi skal gjere. Mitt ønske er at vi kan kome ut med eit opprop om omgjering av vedtaket og at forhandlingar om intensjonsavtale kan halde fram, seier Frøyen, som også håpar å få til ein underskriftskampanje.

For tidleg å seie stopp

– Kva reaksjonar har de fått?

– Mange meiner at vedtaket kom for tidleg, at prosessen ikkje skulle stoppa opp her. Dette er folk som ser meir på samfunnsutviklinga og moglegheita for å få på plass eit kystsamband. Reaksjonane er sterke, og spesielt frå næringslivet, seier Frøyen.

– Det er kort tid igjen til ein må ha bestemt seg, når ein dette?

– Vi er klar over fristane, og det er ei utfordring. Men vi prøver.

– Kvifor er det viktig for dykk at folk får fleire alternativ?

– For å kunne gjere eit reelt val må folk ha eit skikkeleg beslutningsgrunnlag. Det er for prematurt av politikarar å seie at ein støttar seg til det ein gjekk til val på. Eg meiner det er heilt feil. Ein må få eit beslutningsgrunnlag og sjå kva som er muleg å få på plass i forhandlingar.

– Kva med spørreundersøkinga, 74 prosent meinte at Bremanger burde stå aleine?

No håpar ho folk vil stille opp på eit møte denne veka for å diskutere saka på nytt.