Helge Hjelle meiner ein ikkje hadde trengt å investere i ein Sea Walk på Nordfjordeid. Han seier cruisekaia burde blitt lagt til ytre Nordfjord.

– Ein treng ikkje å dra over bekken etter vatn. Det er meir naturleg å etablere ei cruisekai i Måløy, og at turistane kunne blitt frakta til Nordfjordeid frå Olden og Måløy. Vi har alt no. Her treng ein ikkje å vente til 1. mai med å ta imot cruiseskip, understrekar Hjelle, som i tillegg til å ha drive med sentrumsutvikling, har vore cruiseturist i om lag ti år.

Hjelle er samd i at ein må utnytte heile regionen når turistane vel å kome hit, men meiner Måløy er eit betre utgangspunkt enn Nordfjordeid.

– Vi vil ha turistane, men i staden for å busse dei ut, noko som fordyrar prosessen, så burde dei stoppa på veg inn fjorden i staden for å segle forbi, for så å reise utover igjen. I tillegg vil eg seie at ein her i området har større og meir interessante fasilitetar enn i Eid.

Seawalken på Nordfjordeid skal vere klar til bruk 1. mai. Hjelle meiner at om det skulle kome ei cruisekai burde den ha blitt plassert på Sæterneset, sør for moloen, på området som i dag er eigd av Selstad.

– Cruise er verdas raskast veksande turistform og det forundrar meg veldig at her ikkje alt har kome i gang eit initiativ for å få cruiseturistar til Måløy. Dette er næringslivet, Nordfjord Vekst og Nordfjord Havn sitt ansvarsområde.

Hjelle meiner at cruiseturistar kan skape gode inntekter for næringslivet og destinasjonane dei besøker.

– Når ein båt kjem til kai deler passasjerane seg i tre hovudgrupper. Den eine gruppa blir verande om bord i båten og nyt fasilitetane om bord, så har ein dei som ønskjer å spasere i byen, som gjerne leiger seg ein taxi og drar på sightseeing i nærområdet, og den siste gruppa er dei som stormar på land for å oppleve det som området har å by på, forklarar Hjelle, som meiner at det er her ein har ein jobb å gjere med å planlegge løysingar for logistikk, transport og opplegg for turistane.

Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap), seier at ein har forhalde seg til Olden som cruisedestinasjonen i Nordfjord.

– Vi hadde eit cruiseskip i Måløy i sommar. Dette fungerte veldig fint, både med tanke på kai og logistikk, seier Maurstad, og legg til:

– Vi har ikkje satsa tungt på cruise i Vågsøy. Vi har forhalde oss til at Olden har vore cruisedestinasjonen i regionen. Vi ser at vi i ytre Nordfjord har noko som turistane synest er spennande, men vi har ikkje bygd det opp rundt turismen som ein har gjort i Olden med tanke på mottaksapparat.

– Logistikkmessig ligg vi godt til. Dette er ein diskusjon vi må ta framover om vi ønskjer å satse vidare på dette. Men vi er ikkje ute etter å ta trafikk frå Eid eller Olden, understrekar Maurstad, som er glad for initiativet til John Olav Lefdal om å sende turistar til ytre.

– Dette er kjempeflott! Alle turistar er hjarteleg velkomne. Så dette er noko eg håpar ein får til, seier ordføraren.

Ho peikar på at arbeidet med Stad skipstunnel som ein reiselivsdestinasjon er noko som kan gje moglegheiter.

– Dette er ein aktuell diskusjon å ta i samband med dette prosjektet.