Denne veka konkurrerte Jan-Erik Hauge (25) for å bli Årets Kokk i Oslo. Det er eit ledd i ein større plan for kokketalentet frå Bremanger.

Det blei ingen tittel på Jan-Erik denne veka, men det satsast friskt frå kokkekometen som hadde sin fyrste arbeidsdag i kokkefaget som 13-åring.

Vil vinne NM i kokkekunst

Tysdag var altså Jan-Erik i elden under Årets Kokk 2015 i Oslo. Det er eit ledd i eit 8-10-årsperspektiv for Jan-Erik som kom fram i ein medarbeidarsamtale i 2013.

– Det er dette eg vil, og det er ingen ting som held meg tilbake. Eg sa eg skulle vere på landslaget i år, og at eg skulle vere med i Årets Kokk i 2015. Så delmåla er nådd sånn sett, fortel han.

Neste år er han nemleg med i OL med kokkelandslaget. Det er to år til neste kvalifisering for Årets Kokk, noko Jan-Erik har som neste mål.

– Det endelege er å vinne NM i kokkekunst og bli Årets Kokk, seier han bestemt.

Matglad familie

Det har handla mykje om mat i familien Hauge opp gjennom åra.

– Vi har alltid vore ein matglad familie, og eg var alltid på kjøkkenet og hjelpte til. Ramma rundt måltida har alltid vore spesiell heime, fortel 25-åringen.

Jan-Erik hadde sitt fyrste møte med eit profesjonelt kjøkken var då han hadde arbeidsveke på ungdomsskulen.

– Eg tilbragte veka på Knutholmen. Dei har alltid teke godt vare på meg, seier han takksamt.

Foreldra hans, Jarle og Ann-Lisbeth Hauge, har alltid stilt opp.

– Dei har vore veldig tolmodige som har køyrt meg til og frå Knutholmen både seint og tidleg, seier han.

Også lærarar frå Måløy vidaregåande skule, der han gjekk på Restaurant og Matfag, har også vore viktige støttespelarar.

Etter to år på skulebenken i Måløy var det ut i læra. Då gjekk turen til Sandefjord og Mathuset Solvold. Då han kom ut i arbeidslivet for fullt var arbeidsplassen den norske ambassaden i Washington D.C. i ein periode, før kontaktane hans ville ha han til Tango Bar & Kjøkken i Stavanger.

– Det er eit fantastisk godt matmiljø her, og Kjartan Skjelde har vore ein god pedagog. Du blir inspirert heile vegen, fortel han om grunnleggaren av restauranten.