Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Odd Arve Solvåg,stadfestar overfor Fjordenes Tidende at alle dei tre personane som varinnblanda i den kraftige kollisjonen mellom to bilar på Rv 15 på Bryggja Skjærtorsdag budde fortida i Vågsøy.

Men ingen av dei tre var norske statsborgarar. Dei budde og jobba i Vågsøy, stadfestar Solvåg.

- Kor tid blir namnet på den omkomne kvinna slept fri?

- Det veit vi ikkje enno. All den tid det er snakk om utanlandskestatsborgarar, så er det litt meir utfordrande å varsle dei pårørande, seierSolvåg.

Han seier også at det er for tidleg å seie noko om årsaka til dentragiske ulukka der altså to personbilar frontkolliderte, og den kvinnelegeføraren i eine bilen døydde av skadane ho fekk.

Passasjeren i denne bilen slapp frå det heile utan vesentlege fysiskeskader.

Føraren av den andre bilen, som var åleine, ligg alvorleg skada vedFørde sentralsjukehus.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.