Det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid har kome under tak, og onsdag vart dette feira med kranselag.

– Gratulerer med dagen på våre vegne. Dette blir eit fabelaktig bygg, som innfrir det vi hadde lyst å ha. Dette er ein stor forskjell i forhold til dagens sjukeheim, men det er viktig å huske at den hadde god standard då den vart bygd, og tjue år før det igjen var det ingenting. Men no er det ny tid. Eg trur det blir god plass å bu, og ikkje minst for arbeidarane. Det er framsteg når dette står ferdig neste år, sa ordførar Alfred Bjørlo under kranselaget.

– Dette er ein milepæl. Det er ti månadar sidan kontrakten vart skriven, og åtte månadar sidan ein begynte på bygget. No er det eit framtidsrette og godt bygg vi har her, konstaterte Torfinn Myklebust, prosjektleiar for Eid kommune. Han overrekte blomster til prosjektleiar Bjørnar Haveland i hovudentreprenør Aasen & Øvrelid AS.

– Vi er der vi skal vere, og skal bli ferdig i tide, sa Haveland.

– Vi er her for å sjå oss ut rom, var det fleire som kommenterte då kommunestyret var på synfaring før kranselaget.

– Dette blir ei anna verd, meinte Jostein Huneide (H) då han fekk sjå korleis omsorgssenteret blir inni.