Eid eldreråd meiner eldre vert seksuelt avskilta, og ber no om eigne «samværsrom» når det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid står ferdig.

Ho meiner det må til ei haldningsendring for å få ordet seksualitet inn i dialogen mellom helsepersonell og eldre.

Eldrerådet meiner det må vere mogleg for eldre å ha høve til nærleik. Liggje saman, halde i handa før ein sovnar. Snakke saman i senga slik eit par gjerne gjer.

Mange takkar

– Vi har spurt fleire, som kunne tenke seg dette. Tilbodet har vore mangelvare til no. Dei eldre spør ikkje sjølv, «kan eg få overnatte med kona mi». Difor må det vere eit tilbod som står der. Etter kvart kjem min generasjon på omsorgssenteret, og dei spør kanskje etter vibrator, seier Aalberg.

– Eldrerådet har fått utruleg mykje tilbakemeldingar, der alle seier at endeleg er det nokon som torer å sette ord på eit ikkjetema, fortel dei.

– Vi ser realiteten i livet. Det er ikkje berre medisin og reine bleier. Vi er alle født med seksualdrift. Kvifor skal vi bli avskilta når vi blir 80? spør Aalberg.