Ein utilsikta konsekvens av at det kom vinmonopol til Eid på byrjinga av 1990-talet, var at politimannen Webjørn Moa kom til bygda. Han fall pladask.

Han går av med pensjon 1. mars, medan kona har eit par år att til pensjonsalder. Slik det ser ut blir dei buande i einebustaden i Holten også som pensjonistar. Men Moa fryktar ikkje lediggang. Interessa for friluftsliv skal dyrkast, spesielt er han interessert i jakt etter hjort og rype. Han nemner også laksefiske som ein aktivitet han vil prøve.

– Vi har hus på Eid, ein vertikaldelt bustad vi deler med mor til Brit i Ålesund og hytte på Lesjaverk. Alt må haldast i hevd. Eg fryktar ikkje å bli sitjande, seier Webjørn og legg til:

– Etter at vi flytta hit, seier kona mi at eg er råd å vere i hus med, smiler 67-åringen.

Meir enn narkotikajakt

Moa kom til lensmannskontoret på Eid første gong i 1993 for å jobbe i eit ni månader vikariat som lensmannsbetjent.

– Etter den saka byrja eg tenkje at kanskje livet er noko anna enn narkotikaarbeid.

Tankeprosessen førte til at sunnmøringen reiste tilbake til Eid som konstituert lensmann. Deretter fekk han jobb som lensmann i Selje, ein jobb han hadde i fire år.

Naive foreldre

– Noko av det første eg la merke til då eg kom til Eid, var at det var mykje av det eg vil kalle barnefyll; 14-åringar som drakk. Då eg tok opp dette med foreldre, opplevde eg ei form for naivitet. Haldninga var at dei var konfirmerte, dei måtte bestemme sjølv. Og foreldra hadde sjølv vore unge og på fest, seier lensmannen og fortsett:

Eit stigma han møtte i saka, var at problema kom frå folkehøgskulen.

– Men det viste seg at ikkje ei einaste av sakene hadde tilknyting til folkehøgskulen.

Fekk kjeft av politikar

Det var ikkje populært i alle krinsar at lensmannen tok tak i narkotikaproblemet i Nordfjord.

– Eg vart ringt opp av ein lokalpolitikar som kjefta på meg fordi eg sette Eid på kartet som narkotikahovudstad i Sogn og Fjordane. Eg fekk nærast beskjed om å kome meg tilbake til Ålesund, fortel Moa.

– Korleis trur du det hadde sett ut i dag om de ikkje rydda opp? – Eg trur ikkje det hadde gått over av seg sjølv, eg trur vi hadde hatt eit eklare miljø.

 – Fekk du mange uvener?

– Nei. Eg trur eg kan seie at politiet har eit godt forhold til alle involverte. Nokre av dei fekk lange straffer, men vi forsøkte å hjelpe dei til gode soningsforhold.

Ynskjer tre politikontor

– Håpet er politikontor i Stryn, Eid og Vågsøy. Blir det berre eitt, bør det ligge på Eid, meiner 67-åringen.

– Det er utanfor mitt ansvarsområde, men det er ein del institusjonar her som politiet samarbeider med, sjukehus, legevakt, psykiatrisenter, ruspost, Mehltunet og kanskje etter kvart Skatt Vest. Men utgangspunktet er at lensmennene i Nordfjord ønskjer at tre kontor skal bestå. Vanylven forsvinn til Sunnmøre. Å halde oppe Selje er dessverre ikkje realistisk, meiner Moa.

Han kunne i teorien pensjonert seg for ti år sidan, som 57-åring. Hadde han halde fram som narkotikapoliti i Ålesund, hadde han truleg gjort akkurat det.

– Eg har likt jobben. Difor har eg halde på. Med den store politireforma som kjem no, føler eg yngre krefter skal sleppe til, konstaterer Moa.

Han er fylkesleiar i fagrørsla Norges Politilederlag. Sogn og Fjordane-avdelinga blir no slegen saman med Hordaland, slik også politidistriktet blir.

– Det står att ein del arbeid med samanslåinga, difor ventar eg til 1. mars med å pensjonere meg.

Moa fortel at politidirektør Odd Reidar Humlegård har sagt det er naturleg med tre-fire geografiske einingar i Politidistrikt Vest. Sogn og Fjordane kan dermed fort ende opp som ei geografisk eining.

– Det blir spennande å sjå korleis nivå 2 skal sjå ut. Det veit vi ingen ting om.