Korpsleiar i Frelsesarmeen i Måløy, Tommy Høgset, rettar ein stor takk til alle som har bidrege i innsamlingsaksjonen.

Frå 1. til 23. desember har Frelsesarmeen samla inn pengar i julegryta på Måløy Brygge, Måløy Stormarked og på AMFI Nordfjord på Nordfjordeid. Alle pengane som kjem inn i løpet av året går til arbeid lokalt.

Frå 2011 og fram til i dag har bidraga til julegryta nærast dobla seg. I 2011 samla Frelsesarmeen inn 99.145 kroner. Medan dei i fjor fekk inn 187.892 kroner i julegryta, og i år passerte innsamlinga 190.000 kroner.