Eit unisont skulemiljø, industrien i Nordfjord og no Stryn Senterparti gjev no melding til leiande politisk miljø på fylkestinget at demontering av skuletilboda i Nordfjordregionen er uakseptable.

Dei første forslaga rysta oss, nedlegging av viktige linjer på Firda og i Måløy.

Det siste kuttet som er foreslått er Vg2 Industriteknologi på Nordfjordeid.

Næringslivet som er den viktigaste bærebjelken i eit samfunn skal no bli frårana ein av dei viktigaste rekrutteringsarenaene i området. Konsekvensane av nedlegging av desse linjene er større enn berre skulestruktur.

Heile landet slit med mangel på arbeidskraft, derfor treng vi satsing på ungdomen vår skal vi få til kompetansearbeidsplassar i området vårt, ikkje nedlegging og fråflytting.

Å gje ungdom gode oppvekst og utdanningstilbod er den sikraste måten å få dei tilbake etter høgskuleutdanning. Med tilbakeflytting sikrar vi utvikling og styrking av vår region.

I fleire år har Nordfjordakademiet og Nordfjord opplæringskontor arbeid iherdig og lukkast i arbeidet med tilbakeflytting av våre unge.

Skal vi gje alle desse ressursane «på båten»? Skal alt det gode arbeide vere forgjeves?

Vi skal ikkje ha ny skulekamp i Nordfjord! I Nordfjord skal vi løfte kvarandre fram og heie på kvar ein skule og kvar ein ungdom.

Ungdomen er vår viktigaste ressurs, og Nordfjord er ein region å satse på. Derfor skal vi behalde det viktige utdanningstilbodet vi har.