– Vi veit kva vi har, ikkje kva vi får når Øyglimt blir tatt ut av ruta. Uvissa gir grobotn for rykte og spekulasjon, skriv Silda Velforeining i eit ope brev til Norled.

Øyglimt har trufast trafikkert båtrutene mellom Måløy, Silda, Gangsøy og Hennøystranda, men frå 1. mai 2024 er det slutt. Då overtek Norled drifta av sambanda, og då har operatøren sagt at det blir sett inn ein annan båt enn Øyglimt. Dette har skapt stort engasjement blant dei som er brukarar av båtruta.

Øyglimt er ein båt som mange har eit forhold til og har blitt glad i, men det er ikkje berre nostalgi som gjer at brukarane av skyssruta no er uroa. Dei vil vite kva dei har i vente når ny båt blir sett inn i sambandet. I det opne brevet ber brukarane om opplysningar om kor stor båten er, kva bemanning båten skal ha, passasjerkapasitet, lastekapasitet og dimensjon på lastekran.

Det er fullt forståeleg at dette er viktige spørsmål å får svar på. Båtruta er livsnerven til dei veglause samfunna. Kva type båt som blir sett inn i sambandet kan vere heilt avgjerande for kva framtidsplanar ein legg, eller kanskje må gå bort frå, alt etter type båt som kjem.

Det er ikkje berre folk som blir transportert med båtruta. Øyglimt har eit lastedekk på 16 kvadratmeter. Det nye anbodet på sambandet set krav til fire kvadratmeter lastedekk. Kva vil dette å seie for vidare satsing og utvikling i dei bygdene som er avhengig av dette båtsambandet?

Silda-samfunnet er flinke til å arrangere tilstellingar på Silda, og det hender at større grupper menneske vil reise til Silda samtidig. Øyglimt som trafikkerer sambandet i dag har ein passasjerkapasitet på 48 personar. I det nye anbodet er det sett opp ein minimum passasjerkapasitet på 19 personar.

No vil brukarane av båtruta ha svar på kva båt som blir sett inn frå 1. mai 2024. Dei svara må dei få så fort som mogleg. Det er livsnerven til desse samfunna, og då må ein vite korleis denne livsnerven skal fungere i framtida. For å leve i uvisse, er som Silda Velforening skriv, det aller verste.