Øyglimt er livsnerven til dei som bur på øyane i havgapet i området.

– Det er mange som har tatt kontakt med Fjordenes Tidende som ønsker å gje dykk ei julestjerne. Fordi de stiller opp og hjelper passasjerane, strekk dykk langt, har god service og fordi de alltid er til å stole på. Og no meiner vi også at de fortener ei julestjerne fordi vi har fått merke akkurat denne servicen. Korleis de stilte opp for oss då vi måtte komme oss til Gangsøy, sa redaktør Håvar Fagerli då han overrekte julestjerna til skipper Hammersvik og matros Mathilde Nybakk Drage.

Leigeskipper Bjørn Hammersvik saman med matros Mathilde Nybakk Drage med julestjerne dei har fått frå fleire passasjerar og Fjordenes Tidende. Foto: Kjellrun Åsebø

– Til å stole på

Alle seier at ein alltid kan stole på Øyglimt, dei går i all slags vêr og stepper inn når andre må legge til kai.

– Er de aldri redde i storm?

– Vi er aldri redde, men vi er veldig fokuserte. For sånne situasjonar krev litt meir. Og kvar einaste gong gjer ein ei risikovurdering. Det har ikkje vore vêr som har stoppa oss til no, men det kan jo hende det kjem ein gong skipperen seier nei, seier Hammersvik.

Øyglimt er alltid til å stole på. Foto: Håvar Fagerli

Skyssbåten kan ta 48 passasjerar og den har god plass til bagasje og utstyr.

– Viss det er fleire passasjerar enn 48, tar vi ein ekstratur for at alle skal komme dit dei ønsker. I tillegg leverer vi post måndag, onsdag og fredag til dei fastbuande. Og då går ruta uansett om det er folk med eller ikkje, forklarer Hammesvik.

Øyglimt har eit godt rykte på regularitet og service i Måløy-området. Foto: Kjellrun Åsebø

Mannskapet føler på eit ansvar for dei som bur på øyene.

– Viss vi ikkje ser dei på kaia, så ringer vi gjerne og høyrer om alt er bra. Vi skal bry oss om folk, seier han og skryt av kulturen og tradisjonen reiarane Idar og Stig Silden og den tidlegare skipperen Kåre Silden står for.

Ifølge Hammersvik er det veldig rørande når mannskapet på båten får takkemeldingar enten på melding eller Facebook frå passasjerar etter at dei for eksempel har hjelpt dei med ulike ting.

Og julestjerna blei også tatt imot med takknemlegheit.

Det blei takking på kryss og tvers då Fjordenes Tidende tok Øyglimt til Gangsøy rett før jul. Foto: Kjellrun Åsebø