Korleis lodde stemninga i eit møte eller lokalsamfunn?

Det kan vere vanskeleg å lodde stemninga i eit møte, for kva kriterier skal ein vurdere ut i frå? Talet på frammøtte, kor mange som følgjer oppfordring om å klappe, kor mange som tek ordet eller «likes» på kommunen si facebook-side?

«Smekkfullt hus då hydrogenplanane blei presentert», var overskrifta til Firdaposten 25. mai 2023. Artikkelen inneheldt rapport frå Folkemøte samt intervju med ordføraren. Ordføraren leia folkemøtet i Svelgen 24. mai som omhandla planane for eit hydrogen/ammoniakkanlegg på Holmaneset i Nordgulen. Desse planane krev omregulering av eit større LNF-område til industritomt.

Firdaposten sytte for streaming av møtet. På spørsmål frå journalisten i Firdaposten: «-Og kva er tilbakemeldinga frå svelgarane?», svara ordføraren at «det er stort sett tommelen opp». Vi undrar oss: Er det stemninga i kommunen sin administrasjon eller stemninga blant folk som bur i kommunen?

Møteagenda

Vi er ikkje i tvil om at ordføraren blei rosa av kommuneadministrasjonen og partifellar for eit godt leia møte denne kvelden. Ei pause etter informasjonsrunden i første del av møtet, kunne nok medført at ein kunne greidd å svare på fleire spørsmål i siste delen av møtet. Fleire av dei norske representantane frå det australske investorselskapet Fortescue Future Industries (FFI), deltok også i informasjonsrunden. Deretter blei det brukt om lag ein time på spørsmål frå den smekkfulle salen.

Både dei som deltok i møtet fysisk, og andre som deltok digitalt, oppfatta dei fleste spørsmåla høfleg formulerte, nokre var kledeleg undrande og andre akkurat så kritiske som ein sunnfjording vågar seg å vere overfor overmakta. Men sjølv om spørsmåla var velformulerte og undrande, var svara ofte unnvikande og vage eller at ein måtte komme tilbake til det. Dessutan blei eit direkte spørsmål til

ordførar om naturmangfald møtt med eit lettvindt svar og feilinformasjon. Vi undrar oss: Var vi på det same møtet som ordføraren og Firdaposten referer til? Sjølv i industristaden Svelgen, er det delte meiningar om industriutvikling; kva skal ein ha og kor skal det ligge. Det er delte meiningar om den totale mengda av industri som no blir forsøkt pressa ned i ein trong og allereie sterkt belasta fjord. Mange vil bli direkte råka av desse planane, og då veks engasjementet. Fleire familiar mister eigedom og/eller hamner innanfor dei sikkerheitssonene som må setjast når det leggjast planer for fleire anlegg under storulykkeforskrifta, sjå lesarinnlegg i Firdaposten 31. mai 2023. Spørsmål rundt omregulering av LNF-område til industriformål vil engasjere enda fleire, også nasjonalt. Mange som ikkje fekk tatt opp innsendte spørsmål og fekk svar på desse, vil fortsetje å uroe seg for konsekvensane desse planane vil ha på kort og lang sikt. Vi aner langvarige ulemper for både fisk, fugl, fe og folk. Då vert det underleg at nokre av dei opplagte motstemmene til dette prosjektet ikkje fekk sleppe til då olkemøtet blei summert opp i Firdaposten.

Ein svelgar sa det så treffande etter publiseringa av artikkelen 25. mai: «Ein skulle ikkje tru at vi hadde vore på det same møtet!»

Informasjon om møtet på nettsidene til Bremanger kommune

Firdaposten dekkjer vanlegvis godt i Bremanger, men dette Folkemøtet kom ikkje med på «kva skjer denne veka» i Firdaposten. Møtet var heller ikkje å finne på møteplanen til kommunen. Påfallande var det også at dette først blei lagt inn i kalenderen til Bremanger kommune dagen før møtet skulle haldast, m.a. etter påtrykk frå publikum. Det var såleis ikkje kommuneadministrasjonen å skulde på at det blei smekkfullt hus på Svelgen Samfunnshus. Og då chat-tenesta 24. mai blei spurt om kommunen kunne poste lenka til den digitale overføringa av møtet, så verka det også til å vere lite vilje til dette. Ein forstår det slik at nokre av dei råka grunneigarane som ikkje bur i kommunen fekk informasjonsskriv frå FFI sitt arkitektfirma, mens andre grunneigar som er fastbuande på andre sida av fjorden ikkje hadde motteke noko. I ein kommune med ein aldrande befolkning, kan talet på klikk som trengs før ein finn informasjon på ei offentleg nettside oppfattast som diskriminerande. Mange i denne delen av befolkninga er utan god digital kompetanse. Desse treng også informasjon for å delta i samfunnsdebatten og for å kunne gjere eit godt, informert val til hausten.

«Områderegulering Holmaneset, innspill» – til kva?

På same nettside som informasjonen om folkemøtet 24. mai, låg det også informasjon om to ulike høyringsfristar. Under overskrifta «Innspel og ope informasjonsmøte» vart det orientert om høvet til å sende innspel, samt høve til å stille spørsmål. Innspela skulle vere skriftlege, og det ble notert epost-adresser og at e-postane skulle merkast med emne: «Områderegulering Holmaneset innspill». Ville Bremanger kommune førebu seg til spørsmåla som kunne kome i folkemøtet? Vi er kjende med at minst 6 personar og eit politisk parti sende inn spørsmål via e-post. Den eine av desse e-posten hadde overskrifta «Spørsmål i forbindelse med informasjonsmøtet om områderegulering Holmaneset 24.05.23».

Ein av dei andre e-postane hadde i følgjeteksten sin brukt ordlyden: «Innspel til Folkemøte». Dette kan ikkje vere til å misforstå. Grovt rekna veit vi at det er sendt omlag 70 vel funderte spørsmål i desse e-postane, nokre til dels samanfallande. I etterkant av møtet kan det verke som om det å ta imot desse e-postane har vore ein rein «silingsmekanisme» for kva som skulle snakkast om i møtet. For så godt som ingen av desse spørsmåla blei svara for i folkemøtet. Og kommunen informerte om at dei skriftlege spørsmåla var meint å skulle sendast til høyringa! Dette parallelt med at Firdaposten dei første ti minutta av møtet hadde eit hendeleg lyduhell slik at digitale møtedeltakarar ikkje fekk dette med seg.

Informasjon, politikk og propaganda

Gjennom år med pandemi og krigen i Europa, har vi sett at grensene mellom desse tre orda tidvis er vanskeleg å få auge på. Vi er mange som opplever at informasjonen som skulle ut til folket i møtet var nøye planlagt. Eit politisk parti som hadde sendt inn spørsmålsliste til møtet på førehand og som hadde valt eit kritisk standpunkt i saka, vart neglisjert. Dei fekk aldri mikrofonen under spørsmålsrunden i møtet, og oppfatta seg som sensurerte. Alt i alt undrast ein på om ein har vore vitne til meir propaganda enn informasjon, sidan mange opplevde å delta i eit politisk farga, og stramt regissert møte.

Informasjon og dialog med fastbuande og næringsdrivande

Firdaposten synes å ha motteke tilpassa informasjon om prosjektet dei siste månadene, mens storleiken på anlegget, risiko og ulemper for omgjevnadene ikkje har vore sentrale tema. I denne saka finns det personar som er direkte råka av prosjektet, og som tilfeldig har fanga opp informasjon om kommunen sine planar for eigedomen deira og området rundt. Ein hadde forventa ryddigare tilhøve i eit kommunalt apparat. Ein kan få «flash backs» til den sjokkarta Terra-skandalen, når kommunen igjen vel å stille seg i eit dårleg lys når det kjem til sakshandsaming.

Bremanger har eit folketal på 3 457 personar. I mindre kommunar kan næringsdrivande kjenne på eit avhengigheitsforhold, ikkje alle kjenner seg frie nok til å seie meiningane sine. Det er trist at nokon fryktar at det å dele meiningar kan ha negativ påverknad for framtida; det vere arbeid, privat og støtte elles i lokalsamfunnet.

Kommunedirektøren har til dømes uttala i folkemøte om Via Ferrata at han fekk mykje «pes i sosiale medier», der folk lufta meiningane sine. Han ymta om konspirasjonsteorier i Via Ferrata-saka i ein kommentar til ein artikkel i Fjordenes Tidende 15. september 2022. Ein bør kunne forvente at kommuneleiinga heller er audmjuke og lydhøyre ovanfor folket dei er der for.

I rapporten «Størrelsen teller» frå april 2023, konkluderer ein m.a. med at små fagmiljø i mellomstore kommunar gjer at kommunen gir etter for utbyggingspress. Etatane deira manglar musklar til «tilstrekkeleg å opplyse dei folkevalde om konsekvensane av å gje etter for presset». Ut frå det ein har sett av saker dei siste åra, synes dette i høgste grad å gjede for Bremanger kommune.

Vi merker oss også at Firdaposten har alle sine debattinnlegg i denne saka som pluss-innlegg, noko som vanskeleggjer brei informasjon ut til lokalbefolkninga.

Informasjon og dialog med hyttefolk og sekundærbustader

Det er 464 hytter i Bremanger kommune (SSB.no), i tillegg til fritidsbustader/ sekundærbustader. Nokre meiner at eigarar av fritidsbustader ikkje kan eller bør ytre seg om kommunen sine næringsplanar, heller ikkje når det direkte rører ved eigedomen. Å kunne ta innspel frå folk som har andre erfaringar og ser ting på avstand, kan derimot gje eit breiare kunnskapsgrunnlag. Med betre kunnskapsgrunnlag kan kommunen også unngå forhold som kan vere meir belastande.

Informasjon eller desinformasjon, samsvarer totalinntrykket med førsteinntrykket?

FFI sin fremste talsperson i Noreg hadde ein tillitsvekkande framtoning. Han starta med å fortelje at dei ønskte å informere godt, han ønskte openheit og dialog for gode løysingar. Spørsmål skulle svarast på. Ein fekk nesten både medføling og sympati for mannen som fortalde om eit stor arbeidspress om å drive prosessane i prosjektet raskt frametter. Han verka godt budd på profilering av prosjektet, men la vekt på at ein del informasjon ikkje kunne skaffast fram i denne tidlege fasen, m.a. å visualisere anlegget slik det vil ligge i terrenget.

Noko av spørsmåla frå salen under Folkemøtet omhandla Mula-prosjektet i Hemnes. FFI blei spurt om dette no var skrinlagt, noko FFI blankt nekta for. Det blei kraftig understreka frå FFI si side at dei hadde vidare planar i Hemnes. Dette samsvarer imidlertid ikkje med det som kjem fram i Rana Blad den 23. og 26. mai 2023. Ved ettersyn i FFI sine eigne nettsider, var prosjektet i Hemnes fjerna den 28. mai 2023.

Bildet er frå Flotegrunnen ved Hessvika, Holmane rett fram, Dyrstad til venstre. Foto: Marit Nyvang Dyrstad

Det vart også spurt om anlegget i Bremanger kunne bli utvida dersom Mula-prosjektet i Hemnes blei lagt på is, og då vart det svara «Vi planlegg for et 300MW anlegg». Andre stader der det er planer om tilsvarande anlegg klarer dei seg med ein brøkdel av arealet, men FFI ynskjer (1349 da.). Er dette ein taktikk for å kunne bygge eit enda større anlegg ?

Korleis FFI handterte spørsmål om avslaget på «frieriet» i Hemnes, gjev oss nyttig informasjon om kor vidt denne aktøren er å lite på. Anna informasjon som uroa oss, var at dei i presentasjon over områdekartet hadde flytta Dyrstad ut til Nesbø. Om dette er for å skape større sikkerheitssone til Dyrstad eller om dei er totalt uvitande om området, veit vi ikkje. Med andre ord kan vi ikkje ta foreløpig informasjon om prosjektet for god fisk