Søndag vert Kirsti Sørnes innsett som ny sokneprest i ytre Bremanger, medan Øystein Mathisen vert innsett som sokneprest i Eid 25. september.

Søndag 18. september er det offisiell innsetting.

– Dette er synleggjeringa av at ein no er den rette kalla til å få fullmakt til å vere prest i denne kyrkjelyden, seier prost Rolf Schanke Eikum, som vil vere til stades søndag.

– Eg har med meg tenestebrevet frå biskopen og vil også halde ei lita tale til den nye presten. Etter det er det presten sjølv som leier heile gudstenesta, seier han.

I indre Bremanger vil vikarprest og pensjonist Trygve Johannes Hellesø mellombels overta prestejobben.

Grindland har busett seg i Davik prestegard, og signalisert at han vil søkje stillinga der når den blir ledig.

Håper situasjonen blir stabil

I tillegg til at ein no er relativt godt dekt med prestar i Bremanger, vert Eid sin nye sokneprest Øystein Mathisen, innsett 25. september.

I Vågsøy er Mari Saltkjel nettopp innsett som ny sokneprest, og prost Rolf Schanke Eikum håper også å få tilsett ny prest etter Rune Langseth i løpet av våren 2017.

Han håper også at dei med den siste runden av tilsettingar i Nordfjord no skal gå mot ein ny stabil prestegenerasjon.

Problemet er at dei store kulla med prestar som har vore no går av med pensjon, medan dei uteksaminerte kulla er mykje mindre.

– Men eg er ved godt mot og optimist inntil det motsette er bevist, seier Schanke Eikum.