Denne saka er ein del av bilaget Hus & heim gitt ut av Nordfjordsamkøyringa fredag 6. mai.

På det tidspunktet var det berre ein tom betongkjellar. Men saman med fire kompisar blei puben bygd på seks dagar mellom jul og nyttår. Og etter det har det vore ein samlingsplass nesten kvar helg André er heime frå jobben som styrmann.

André fekk hjelp av kompisar til arbeidet med å forvandle kjellaren til ein klassisk pub. Foto: privat

Patronhylser som tappekran

Det er umogleg å ikkje få pub-følelsen når du går inn. Baren er stor og mørk, og er heilt gjennomført med bardisk, tappekraner, flaskehyller, spegel og typiske pub-rekvisittar.

Detaljar som svart tak med stålbjelkar, mørke vinduslister og hamptau som taklister teiknar eit endå tydelegare bilde.

– Askebegra og muggene stod i huset då eg kjøpte det. Og tappetårna er faktisk patronhylser frå 1913 som også stod i huset då eg kjøpte det, og som eg har bygd om, smiler han.

Dei to tappekranene har André laga sjølv av gamle patronhylser. Foto: Kjellrun Åsebø

Den grøne sofaen og barborda kjøpte han frå ein pub på Voss, bordet av ei dame i Førde og stolane er kjøpt på loppemarknaden på Raudeberg.

Alle møblane i baren er kjøpt brukt. Denne sofaen og borda har stått i ein pub på Voss. Foto: Kjellrun Åsebø

Frå fotball til vorspeil

Puben har storskjerm så André og kompisane ser fotballkampar der, og laget som gjeld er Liverpool.

Elles blir puben brukt til mykje forskjellig. For nokre veker sidan feira dei bursdagen til ein kamerat feira og ofte blir det heilt vanlege vorspiel i puben.

– Eg får alltid hjelp til å rydde opp og vaske over når vi har hatt sosiale kveldar her, så det går heilt fint, ler André.

Puben er også fotballballpub. Foto: Kjellrun Åsebø

Det er ikkje lett å sjå at det står igjen nokre ting André må gjere, men han er perfeksjonist og planlegg å fikse opp bardisken.

– Den skal målast og lakkast skikkeleg, i tillegg til at det skal kome ei brystning på framsida.

Kjøpte sin eigen barnehage

Sjølv om André laga baren i romjula, er det fire år sidan han kjøpte sjølve huset som er frå 1941. Då var det gamalt og nedslitt, og han har totalrenovert det.

– Huset er faktisk fullt av historie. Det var ei tyskerbrakke under andre verdskrig. Då kyrkja brann ned på Raudeberg, brukte dei dette huset som kyrkje. Så det er mange som er døypt og konfirmert i stua oppe, fortel han.

I dette rommet er det folk i området som både har blitt døypte og konfirmerte. Foto: Kjellrun Åsebø

I ein periode var det felles dusj i huset for heile bygda, og det har også vore barnehage.

– Eg har faktisk sjølv gått i barnehage her, ler han.

Då André starta jobben med å lage til sin nye heim begynte han i hovudetasjen med stua og kjøkkenet. Han begynte å pussa opp når han hadde fri frå jobben.

– Eg brukte rundt tre månadar. I tillegg fekk eg hjelp frå foreldra mine med pyntinga, seier han.

Har vore draumen

Han har alltid visst at han ein gong skulle forandre eit hus.

– Foreldra mine har pussa opp mange hus medan eg voks opp, så tanken har eigentleg alltid vore at eg skal pusse opp mitt eige. Eg sat på skulen då eg såg huset blei lagt ut for sal. Då begynte eg å lage skisser over korleis det kunne bli i eit teikneprogram og to dagar seinare kjøpte eg det, smiler han.

– Eg måtte sage opp golvet i heile kjellaren for å legge nye røyr og det var månadsvis med graving. Det er eit gamalt hus, så eg støytte på mykje rundt kvart hjørne.

Sjølv er han mest fornøgd med kjøkkenet fordi det er stort og fint, og taket i puben i kjellaren.

Men prosjektet er ikkje heilt i mål.

– Eg har nokre rom igjen oppe og gangen nede før eg er ferdig, smiler han.