Det vert arbeida på spreng for å setje inn ferje i det nedlagte sambandet Smørehamn-Kjelkenes i Bremanger.

Dette melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Etter brannen i Skatestraumtunnelen har Sogn og Fjordane fylkeskommune gitt løyve til å setje inn ferje i det nedlagte sambandet.

Statens vegvesen har levert ei hastebestilling til to rederi som har tilgjengelege ferjer.

- Saman med fylkeskommunen arbeidar vi hardt for å finne ei løysing, men kan ikkje love noko tidspunkt for når ei ferje er i gang, fortel Anders Sæternes, ferjekoordinator i Statens vegvesen.

Varaordfører i Bremanger kommune, Nina Grotle seier til Fjordenes Tidende at ein har fått tak i ei ferje frå Sogn, og det arbeidast no med å få på plass mannskap.

- Eg håpar ferjesambandet kjem på plass så fort som mogleg, det er viktig for innbyggjarane i ytre, seier ho.

Les alt om ulukka her: