– Elevane som deltok har gjort ein imponerande jobb for å sette seg inn i situasjonen i Mali, seier Elin Monstad, frå FN-sambandet og ansvarleg for rollespelet som elevane gjennomførte nyleg.

Tryggingsrådet var samla i Operasalen for å prøve og løyse den omfattande konflikten i Mali. Landet har opplevd ein rekkje terroråtak, militærkupp, konflikt om ressursar og svolt. FN har vore i Mali i fleire år med fredsbevarande styrkar.

Elevane i 3. klasse studieførebuande og påbygg hadde førebudd seg godt til den viktige dagen. Ville elevane ved Eid vidaregåande skule klare å bli einige om ei løysing/resolusjon på den omfattande konflikten?

Linnea Strand og Emma Solheim Fløtre sin jobb under forhandlinga i Tryggingsrådet, var som bakspelarar for dei ulike landa sine ambassadørar.

– Gjennom rollespelet har vi lært mykje om korleis FN fungerer. Det var nok langt vanskelegare enn vi på førehand hadde tenkt. Spesielt vanskeleg er det å få gjennomslag når mektige land har vetorett, fortel dei.

Monstad frå FN-sambandet understrekar kor viktig det er at dagens unge gjer seg kjent med dagens store og små konfliktar, og den geopolitiske situasjonen, kanskje spesielt i Afrika, eit kontinent med enorme naturressursar.

Linnea Strand og Emma Solheim Fløtre meinte rollespelet både var interessant og lærerikt. Foto: Tormod Flatebø