228.000 nordmenn manglar fastlege, skriv Nationen. Mange av dei går til ein lege frå eit vikarbyrå. Ifølgje avisa fører dette til at byråa sit igjen med rekordresultat etter å ha leigt ut fastlegar, sjukepleiarar og anna helsepersonell til sjukehus og kommunar i heile landet.

Det svenske selskapet Dedicare er det som veks mest. Det leier marknaden i Norden, og mange norske kommunar brukar tenestene dei tilbyr. I fjor omsette selskapet for 1,6 milliardar kroner. Éin milliard kroner kom frå Noreg. Dedicare Doctor er òg eit selskap som utmerker seg. Selskapet tener i stor grad pengar på å inngå rammeavtalar med norske kommunar og sjukehus. Selskapet hadde tolv gonger så store inntekter i 2022 som i 2018. Inntektene auka frå 23 millionar kroner i 2018 til 297 millionar kroner i 2022.

– Det er mange årsaker til at Dedicare Doctor har auka omsetnaden kraftig. Mellom anna at me har vunne fleire store anbod. Fastlegekrisen har òg bidrege til auka etterspurnad i marknaden, skriv administrerande direktør Bård Kristiansen i Dedicare Norge i ein e-post til Nationen.

– Mange kommunar i heile Noreg slit med å få kvalifiserte søkarar til ledige legestillingar, så det har vore ei viktig prioritering frå vår side. Me er veldig glade for å kunna hjelpa desse kommunane med godt kvalifiserte legar.

I vår innførte regjeringa ei innstramming i bruk av vikarar frå vikarbyrå. Men dette påverkar ikkje Dedicare, i og med at selskapet har tariffavtale.

(©NPK)