Dette innlegget er skrive av Jan Per Løken frå Nordfjordeid.

– Kva er det som er så gale med oss eidarar?

Kommunestyrerepresentant Nils Myklebust kom med eit framifrå framlegg om utsetting og alt låg til rette vidare forhandlingar om samanslåing av Vågsøy, Selje og Eid. Drøftingane skulle skje på fritt grunnlag. Eg forstod det iallfall slik at ein skulle sjå bort frå semja som tidlegare var inngått mellom Selje og Eid.

Fleirtalet i Vågsøy kommunestyre var ikkje interessert i utsetting. Det vart gjort vedtak om samanslåing med Flora.

Av kommunestyredebatten forstod eg at det var eidarane som var problemet. Ein kommunestyrerepresentant sa det rett ut. Det var fleirtal i Vågsøy for å slå saman Vågsøy og Selje. Så kom Eid inn i bildet og vi hadde ikkje noko val. Vi måtte orientere oss sørover, sa han.

Det vart sagt at dei ynskjer seg ei sterk kystkommune. Dei er klar over at saman med Selje så kunne dei få ei sterk kystkommune. Men så kjem dette med Eid inn i bildet. Er dei verkeleg redde for at eidarane vil verte ein hemsko i denne samanhengen?

Til slutt vil eg ynskje Vågsøy kommune til lukke med valet dei har gjort og eg vonar at dei folkevalde i Eid går heilhjarta inn for at dei i Selje kjem styrka ut av at dei vil danne samfunn saman med eidarane.