På lesartoppen finn vi fleire nære møte med menneske med ulike skjebnar.

Saka om Daniel Larsen (24) som fall ned frå ein altan, blei lam frå nakken og ned og hamna i rullestol er den mest lesne.

Fire og eit halvt år seinare takkar Daniel ein støttande familie, gode vennar, ein meiningsfull jobb og beltestolen for at livet lysnar, fridomsfølelsen vaknar og at han snart skal flytte inn i eige hus.

Saka er open for alle og du kan lese den her:

Mange lesarar har også kosa seg med saka om Kai Arne Otneim frå Leikanger i Stad kommune. Han fann ut han skulle tulle litt med naboen sin som er Manchester United-supporter. Han måla derfor namnet på sitt favorittlag sitt – Liverpool – på hustaket.

Det spesielle med denne saka er at den er skriven av sjuandeklassingane Markus Dalsbø, Sebastian Borgundvåg Otneim, Aron Finnseth og Oskar Refsnes ved Stadlandet skule. Den gjekk rett inn på lesartoppen på fjt.no.

7. klasse ved Stadlandet skule var på besøk hos Fjordenes Tidende. Sebastian (f.v.), Oskar, Markus, Lydian, Theodor, Leon og Aron fekk prøve seg både som journalistar med eigne saker og i podkaststudioet. Foto: Kjellrun Åsebø

Fjt.no har også vore staden å gå når det skjer store og små ting i lokalsamfunnet vårt. Sakene om ei alvorleg trefellingsulukke ved Vågsvåg, ein redningsaksjon med tragisk utfall i Eidsfjorden og raset der ein 800 kilo tung stein dundra ned frå fjellsida og trefte ein bil er alle saker som mange ville få med seg.

Fjordenes Tidende har også vore ein arena for debatt, og dei to mest lesne lesarinnlegga i 2022 handlar begge om Stad skipstunnel.

Det eine er skrive av Omar Heymans frå Bergen. Dette lesarinnlegget er lese av 36.142 personar. Det andre skipstunnel-innlegget som ligg langt oppe på lista er skrive av Kinn-ordførar Ola Teigen. Innlegget «Hva faen skal vi med Stad skipstunnel?» er lese av over 16.000 personar.

Her er topp ti mest lese saker i 2022:

Eitt uheldig sekund endra livet til Daniel (24) for alltid: – Eg tenker framleis på ulykkeskvelden

Det er først når de enorme ressursene i form av tunnelmasser, ligger på sjøbunnen, utilgjengelig og ubrukelig, at toget er gått

Prisdryss til lokale fotballheltar

Hva faen skal vi med Stad skipstunnel?

Mann skal vere alvorleg skada etter ulykke

Mann omkom etter arbeid med trefelling

Kai ville tulle litt med naboen – måla namnet til favorittlaget sitt på taket

Her får du oversikt over alle anløpene i Måløy i sommer

Katta ute av sekken: Subwoolfer avslørt framfor 250 pressefolk

800 kg tung stein dundret ned fra fjellsida og traff bil: – Den eller de som satt i bilen har hatt veldig flaks

Desse tenestene på fjt.no er også mykje brukt og blant dei mest lesne sakene:

Her kan du søke i dødsannonsane

Skipstrafikken

Webkamera

Følg med på kjøp og sal av eigedom