– Det har vore interesse, men ikkje noko seriøst. Eg trur dei nye generasjonane er redde for at det skal bli for mykje arbeid, seier Roger Hamre.

Han er dagleg leiar for Selje Auto, verksemda som ligg rett i Seljevågen i Selje sentrum med daglegvarebutikk, gatekjøken, bensinstasjon og bilverkstad.

Rekordmykje folk i Selje

Det var i fjor sommar at han saman med kona Nina Sætren Hamre la bedrifta ut for sal, etter å ha drive den sidan 1986.

– Bedrifta går godt. Det er kundar utanfor døra og det har aldri gått betre, seier Hamre.

Etter ein god sommarsesong i fjor, fortel Hamre også om gode tider i år.

Også fjoråret blei bra for bedrifta med seks årsverk, med ein omsetnad på 15 millionar, og eit årsresultat på nær 600.000 kroner.

– Det er ei godt innarbeidd bedrift, og aukande kundemasse. Vi har vore tolmodige og hatt faste opningstider.

Hamre fortel også om ein ny positivitet i Selje.

Ønsker yngre, lokale krefter

– Det vi aller mest kunne ønskt oss var yngre krefter frå bygda som ville drive vidare, for det er eit viktig anlegg for bygda, seier han, og legg til at han er overraska over at det ikkje har vore lokale interessentar.

– Vi har tilbydt oss å vere der å jobbe i fortsettinga om ein kjøpar vil det, eller berre hjelpe til. Enkelte har vore bekymra for verkstaddelen, så det har vi sagt går an å trekke ut. Eg har også i enkelte tilfelle sagt at vi kan sitje igjen med ein liten eigardel slik at ein kan føle tryggleik. Vi skal ingen plass, vi vil fortsetje å jobbe, og gjerne i verksemda.