For næringslivet i Bremanger vart det bråstopp då Skatestraumtunnelen stengde. Knutholmen tapte ein million kroner.

VIDEO: Bli med på turen ned i ulykkestunnelen

Sjølv om arbeidarane som jobba i tunnelen budde på Knutholmen, og dei tente inn att noko på den måten, meiner han tapet vart på ein million kroner.

– Vi veit at reiselivet ikkje hadde vekst i 2015, det skuldast ein kombinasjon av stengt tunnel og dårleg vêr. Fiskeindustrien sleit med å få fisk ut i tide og tapte pengar kvar dag, seier ho.

Fakta om brannen i Skatestraumtunnelen

  • 15. juli 2015 losna hengarfestet på tankbilen til tankbilsjåfør Tore Myrestrand i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger.

  • Hengaren med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen og tok til å brenne.

  • Myrestrand fekk raskt varsla vegtrafikksentralen og tunnelen blei stengd 46 sekund etter skapet med nødtelefon blei opna.

  • 13 personar reddar seg ut frå tunnelen og ingen mista livet.

  • Eitt år etter er tunnelen sett tilbake i stand og oppgradert etter nye tryggleiksforskrifter.