– Ein fekk skrekkscenarioet for alle som jobbar med tunnel, seier Martin Visnes i havarikommisjonen. Dei kan tidlegast konkludere i september.

Brannen i Skatestraumtunnelen blir omtala som den hittil kraftigaste som har skjedd i Norge.

SHT jobbar med to utgreiingar, den eine om kvifor tilhengerdraget rauk og den andre om brannspreiinga.

VIDEO: Bli med på turen ned i ulykkestunnelen

Utvida undersøkingar, mykje arbeid og to av seks tilsette på avdelinga ute i permisjon har medverka til at rapporten kjem seinare enn planlagt.

Fakta om brannen i Skatestraumtunnelen

  • 15. juli 2015 losna hengarfestet på tankbilen til tankbilsjåfør Tore Myrestrand i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger.

  • Hengaren med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen og tok til å brenne.

  • Myrestrand fekk raskt varsla vegtrafikksentralen og tunnelen blei stengd 46 sekund etter skapet med nødtelefon blei opna.

  • 13 personar reddar seg ut frå tunnelen og ingen mista livet.

  • Eitt år etter er tunnelen sett tilbake i stand og oppgradert etter nye tryggleiksforskrifter.