Foreløpige tal viser at kostnadene etter brannen, samt oppgradering i høve nye tryggleiksforskrifter, samla blir på 60 millionar kroner.

Avdelingsdirektøren ventar på den endelege rapporten frå havarikommisjonen, og fortel at brannen i Skatestraumtunnelen per no ikkje har fått nokre nasjonale følgjer.

VIDEO: Bli med på turen ned i ulykkestunnelen

– Vi må vente på havarikommisjonen sin rapport. Den vil seie litt meir om kva tilrådingar ein kan vente seg i kjølvatnet av ei slik hending.

52 millionar etter brannen

Samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har framleis saka om tunnelbrannen på bordet.

Dei har frist til i oktober med å rapportere inn kostnadene til Kommunal og moderniseringsdepartemenetet.

Ein månad etter brannen var samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) (i midten) på synfaring i Skatestraumtunnelen.

– Slik det ser ut no blir kostnadene – når ein berre ser på tiltaka etter brannen – på cirka 52 millionar kroner, seier fylkesdirektør for samferdsle Dina Lefdal.

4,7 millionar til ferje

Innvendig korrosjon i tilhengerdraget gjorde at det ikkje tolte belastninga og rauk, viser dei foreløpige undersøkingane.

– Det er litt meir enn ein hadde anslått tidlegare. Dei første kostnadstala var veldig usikre. Men dette skal no jobbast med og rapporterast inn, seier Lefdal, som reknar med at halvparten av rekninga som går på brannskadane blir dekt frå statleg hald.

7–8 millionar

Med den nyleg vedtekne tunneltryggleiksforskrifta nytta ein også høvet til å forbetre Skatestraumtunnelen slik at den oppfyller dei nye krava.

Slik såg det ut då røykdykkarar tok seg ned i tunnelen etter brannen var sløkt.

– Desse kostnadene ligg på 7–8 millionar kroner eksklusiv moms, ifølgje fylkesdirektøren.

Fakta om brannen i Skatestraumtunnelen

  • 15. juli 2015 losna hengarfestet på tankbilen til tankbilsjåfør Tore Myrestrand i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger.

  • Hengaren med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen og tok til å brenne.

  • Myrestrand fekk raskt varsla vegtrafikksentralen og tunnelen blei stengd 46 sekund etter skapet med nødtelefon blei opna.

  • 13 personar reddar seg ut frå tunnelen og ingen mista livet.

  • Eitt år etter er tunnelen sett tilbake i stand og oppgradert etter nye tryggleiksforskrifter.