Pendlarfamilien Gulestøl fekk kjenne på konsekvensane av tunnelbrannen for eitt år sidan. Kjensla av isolasjon var verst.

Familien Gulestøl er ikkje av dei som meiner gjenopninga av tunnelen tok for lang tid. – Hugs at han var heilt utbrent, eg synst dei var flinke, seier Ann Irene.

– Harry er mykje på reise i jobben, med to born på skule heime i Kalvåg skapte det store utfordringar for oss sidan vi ikkje kunne køyre når vi ville. Heldigvis er Kalvåg eit lite og samansveisa miljø. Det var berre å ringe det første nummeret på telefonlista så var borna trygge til vi kom heim. Vi fekk verkeleg kjenne på korleis det er å vere isolert, seier Ann Irene Gulestøl der ho sit ferieklar og avslappa i hagen.

– Vi flytta hit på grunn av vegen som sikra oss lett tilkomst til omverda. Så fekk vi kjenne på korleis det var utan. Vi erfarte kor mykje vegen betyr, seier Ann Irene, som opphavleg frå Odda, der familien var på ferie då ulukka skjedde.

Harry og Ann Irene Gulestøl meiner tunnelen må få mobildekning. Når tunnelen står i brann, går ein ikkje ut av bilen og ringer, meiner dei.

– Heldigvis hadde vi ferie første vekene då alternativet når ein skulle til Svelgen var ferje til Måløy, ferje Stårheim-Isane, og så køyre over fjellet. Då ferja Smørhamn-Kjelkenes byrja gå, var situasjonen til å leve med tidsmessig, men kvardagen vart styrt av ferjetidene, seier Harry.

VIDEO: Bli med på turen ned i ulykkestunnelen

Dei meiner lærdom etter ulukka er at ein bør jobbe for mobildekning i tunnelen, samt at vegvesenet bør halde oppe ferjeberedskapen mellom Smørhamn og Kjelkenes.

Fakta om brannen i Skatestraumtunnelen

  • 15. juli 2015 losna hengarfestet på tankbilen til tankbilsjåfør Tore Myrestrand i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger.

  • Hengaren med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen og tok til å brenne.

  • Myrestrand fekk raskt varsla vegtrafikksentralen og tunnelen blei stengd 46 sekund etter skapet med nødtelefon blei opna.

  • 13 personar reddar seg ut frå tunnelen og ingen mista livet.

  • Eitt år etter er tunnelen sett tilbake i stand og oppgradert etter nye tryggleiksforskrifter.