Fleire gongar i veka køyrer Tore Myrestrand Skatestraumtunnelen der han for eitt år sidan mista hengaren med 16.500 liter bensin.

– Det er framleis skremmande å tenke på, men ein prøvar jo å legge det bak seg, seier tankbilsjåfør Tore Myrestrand, idet han fyller tankbilen og den nye hengaren med bensin klar til ein ny arbeidsdag bak rattet.

Røyken frå brannen i Skatestraumtunnelen kunne ein sjå frå langt hald.

VIDEO: Bli med på turen ned i ulykkestunnelen

– Når eg passerer det punktet, så tenker eg på det som skjedde. Men det er ikkje slik at ein kvir seg for å køyre. Eg reknar ikkje med at det skjer meg igjen, seier Myrestrand.

Smellet

– Kva hugsar du best?

– Og eg hugsar dei to timane det gjekk før vi visste at det ikkje var folk inne i tunnelen på den andre sida. Då vi fekk beskjed om at alle var ute, då var det verste over.

Dette var det som var igjen av hengaren etter brannen i tunnelen.

Myrestrand har fått ros for måten han handterte situasjonen på.

Avhøyrt førre veke

Tore Myrestrand har snakka mykje med havarikommisjonen, men meiner politiet har vore seine med å følgje opp.

– Det kan vere vanskeleg å ta opp igjen detaljar. Skal det vere nøyaktig, burde dei ha vore raskare ute.

Myrestrand er glad for at firmaet valde å kjøpe ein heilt ny hengar. Festet på denne er ope slik at ein lettare kan inspisere eventuell korrosjon. Dette var umogeleg å sjå på den gamle.

Fakta om brannen i Skatestraumtunnelen

  • 15. juli 2015 losna hengarfestet på tankbilen til tankbilsjåfør Tore Myrestrand i den undersjøiske Skatestraumtunnelen på fv. 616 i Bremanger.

  • Hengaren med 16.500 liter bensin hamna i fjellveggen og tok til å brenne.

  • Myrestrand fekk raskt varsla vegtrafikksentralen og tunnelen blei stengd 46 sekund etter skapet med nødtelefon blei opna.

  • 13 personar reddar seg ut frå tunnelen og ingen mista livet.

  • Eitt år etter er tunnelen sett tilbake i stand og oppgradert etter nye tryggleiksforskrifter.