Politiførstebetjent ved Vågsøy lensmannskontor, Roger Gundersen seier til Fjordenes Tidende at politiet er interesserte i tips frå nokon som har køyrd mellom Måløy og Eid denne skjærtorsdag føremiddag.

Vi er interessert i å snakke med folk som har køyrd i begge retningar og som har sett noko unormalt, seier Gundersen.

Grunnen til at politiet er interesserte i å komme i kontakt med sjåføren av ein buss som køyrde frå Måløy til Eid denne føremiddagen, er at passasjeren i den eine ulukkesbilen som var på veg mot Eid har forklart at dei vart forbikøyrd av ein større buss som også var på veg mot Eid like før ulukka.

- Dette var ikkje ein rutebuss. Men denne bussen kan ha møtt den eine ulukkesbilen som kom frå Eid og i retning Måløy. Er det nokon som har opplysningar så er det berre å kontakte politiet sin vaktsentral, seier Gundersen.

Fredag kveld klokka 22.30 hadde ikkje føraren av denne bussen meldt seg for politiet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.