Mannen som var passasjer iulukkesbilen på Rv 15 ved Bryggja skjærtorsdag, der den kvinnelege føraren omkom, forklarteseg for politiet på langfredag.

Mannen var ein ven av ho som mista livet.

Politiførstebetjent ved Vågsøylensmannskontor, Roger Gundersen, seier til Fjordenes Tidende at passasjeren teikna eit godt bilete av det somskjedde før og under den kraftige kollisjonen.

Han slapp frå den tragiske ulukka utan alvorlege fysiske skader.

- Forklaringahans stemmer godt med dei funna vi gjorde på ulukkesstaden på skjærtorsdag, seier Gundersen somvar innsatsleiar då ulukka skjedde.

Sjølv var Gundersen framme påområdet 18 minuttar etter at det skjedde.

Gundersen ynskjer ikkje å seiekva passasjeren har forklart endå.

Han vil heller ikkje seie noko om kva dei trur kan vere årsaka til ulukka endå, men seier at både dei og representanten forulukkesgruppa til Statens vegvesen, som var på området, har ei viss formeining omkva som kan ha skjedd.

- Ogdet passasjeren forklarte langfredag stemmer godt med det biletet vi har, seierGundersen.

Han ynskjer likevel ikkje å gå utmed det før føraren av den andre bilen som kom frå Eid og i retning Måløy harforklart.

Gundersen stadfestar at det ikkjevar bremsespor i vegen der ulukka skjedde. Han seier dei har sikra seg mangegode bevis frå ulukkesstaden.

Bilen som kvinna som mista livet køyrde var på veg mot Eid.

Dei tre som var involvert iulukka, var utanlandske statsborgarar som for tida budde i Vågsøy.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.