Paneda i Selje tok heim prestisjekontrakten på installering av naudinnbrytingssystem i 22 tunnelar i Oslo-området. Auka arbeidsmengd fører til at dei treng fleire folk.

– Dette er ein heilt fantastisk nyheit for oss. Sjølv om det ikkje utgjer allverda i kroner og øre, er dette veldig viktig for oss. Vi viser at ein liten aktør i Selje kan kjempe om nasjonale kontraktar, seier ein nøgd administrerande direktør Geir Gjørsvik.

Kom best ut

Paneda gjekk inn med lågast pris, og vann til slutt den prestisjetunge kontrakten for Statens vegvesen. Tunnelane dei skal utstyre er blant dei mest trafikkerte i heile landet.

– Vi skal installere komplette kringkastingsanlegg med naudinnbrytingssystem, blant anna i Oslofjordtunnelen og Operatunnelen, seier Gjørsvik.

Seljebedrifta har visst i nokre veker at dei låg godt an i anbodskonkurransen.

– Vi fekk tildelingsbrevet på kontrakten 28. januar, men så er det ein klagefrist som ein må vente på, seier Gjørsvik.

13. februar fekk dei vite at kontrakten var deira, og avtalen kunne endeleg signerast på eit møte i Oslo fredag ettermiddag.

– No kan arbeidet verkeleg starte, seier Gjørsvik.

Aukar omsetninga

Den auka aktiviteten som følgjer med kontrakten betyr mykje for Paneda.

– Vi reknar vel med at omsetnaden for Paneda DAB i 2014 vil hamne på ein 8–9 millionar kroner. Det vil nok auke vesentleg i inneverande år, men det er det sjølvsagt vanskeleg å seie noko konkret om no, seier Gjørsvik, som legg til:

– Det viktigaste for oss er at vi vann kontrakten som gjev oss ein viktig referanse for vidare satsing også i utlandet. Med denne kontrakten dekker vi nær 40 tunnelar i Norge med kringkastingssystemet vårt.

Heile saka stod i papirutgåva måndag 16. februar.