Holmaneset - svar på spørsmål om tryggleik, kraft og sakshandsaming

Fortescue Future Industries (FFI) sine planar om ein hydrogen- og ammoniakkfabrikk på Holmaneset vert for tida drøfta i fleire leserinnlegg. Ulike scenario vert skisserte, og lokalpolitikarane vert utfordra på å ta standpunkt allereie før planane er ferdig greidd ut og formelt vurderingsgrunnlag ligg føre.

Ei slik tilnærming til politiske saker ville vere både oppsiktsvekkjande og tildels uansvarleg, og det er ikkje slik det politiske fleirtalet i Bremanger ønskjer å møte dagens regjering sine «visjonar om eit grønt industriløft».

I det følgjande vil vi difor drøfte to ulike tema som vi ser at mange er særleg opptekne av, og såleis gjere kjent våre tankar rundt desse.

Tryggleik

Eit tema som går igjen er tryggleiken for innbyggjarane, noko som vi både har forståing for og som også vi er opptekne av å få grundig belyst.

Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) forvaltar regelverk, gjev løyve og held tilsyn med såkalla storulukkeverksemder i Noreg. Det inneber at FFI ikkje vil få løyve til å bygge eller setje i drift ein slik fabrikk dersom dette, etter DSB si vurdering, inneber uakseptabel risiko for liv og helse. Ved utgangen av 2021 var det 334 storulukkeverksemder i Noreg, fordelt over 138 kommunar (DSB årsrapport 2021). På desse anlegga arbeider tusenvis av menneske som garantert er like opptekne av tryggleik, liv og helse som vi er.

Dersom DSB, vår øverste sikkerheitsmynde, gjev grønt lys for planane til FFI på Holmaneset, ja så må vi kunne stole på at tryggleiken for arbeidarane og innbyggjarane i Nordgulen er godt teken i vare.

Dersom DSB imidlertid skulle komme til det motsette, ja så vert sjølvsagt planane forkasta.

Kraft

Som mange allereie er kjende med er det Statkraft som skal levere kraft til den planlagde fabrikken på Holmaneset, viss den blir bygd. Ein vilkårsbunden avtale om dette vart inngått 30. mars 2023.

Ein månad tidlegare, den 28. februar 2023 hadde Statkraft inngått ein langsiktig avtale med Elkem om levering av kraft til smelteverket i Svelgen.

Når det gjeld nettilgang opplyste Statnett den 7. desember 2023 at dei hadde reservert nettkapasitet til nytt kraftforbruk i Midt-Norge og på Nordvestlandet. Av dei som fekk reservert kapasitet var Linja og FFI, med 300MW til fabrikken på Holmaneset.

Statkraft og Statnett har altså lova både kraft og nettilgang til hydrogen- og ammoniakkfabrikken, i tillegg til å ha inngått ny langsiktig avtale med Elkem Bremanger.

Kva som kjem til å skje med energiprisane om fabrikken blir ein realitet vil avhenge av eit utal faktorar. Her slit vi vel alle med både å forstå og få oversikt, men igjen må vi støtte oss på faginstansane sine prognosar og den vegen vidare som regjeringa har valt:

Norge skal utvikle en verdikjede for produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen produsert med ingen eller lave utslipp, og bidra til å utvikle hydrogenmarkedet i Europa” (Sitat Grønt industriløft regjeringen.no).

Dette peikar mot at dersom FFI får eit nei på Holmaneset, så kjem krafta, som Statkraft har lova, til å bli nytta, mellom anna til hydrogen, andre stader.

Vi ser fram til å få presentert planforslaget for områdereguleringa for Holmaneset når det er klart. Først då vil vi bli kjende med utforming av fabrikken og fabrikkområdet og områda som skal konsekvensutgreiast. Planforslaget vil bli lagt ut på offentleg høyring og skal handsamast i formannskap og kommunestyre. Vi kan love at alle innspel og eventuelle motsegner som måtte komme skal verte nøye vurdert og leggast i “vektskåla for og i mot” etableringa.

Ei såkalla verdiskapingsanalyse frå konsulentselskapet PWC skal gje oss svar på kva ringverknader den planlagde fabrikken kan få for lokalsamfunn, innbyggjarar, næringsliv og kommunen.

Ingen må vere i tvil; som ansvarlege politikarar er vi opptekne av at saka skal verte så godt opplyst som mogleg, og at diskusjonar, vurderingar og avgjerder i størst mogleg grad skal være basert på fakta. Først då vil vi være i stand til å ta ei avgjerd til beste for oss alle.