Når eg no blandar meg inn i denne saka, så er det med bakgrunn som skipper på fiskefartøy som har lang erfaring med det lumske Stadhavet.

Eg har garantert gått der enkelte gonger der vi ikkje burde det, men også dei gongane vi måtte gå for å komme til land i dårleg vêr. Så ja, eg kjenner behovet for Stad skipstunnel utifrå eiga erfaring.

Etter at fiskeriminister Bjørn Skjeran i hausten 2022 sette i gong endå ei såkalla kvalitetssikring av kostnadane og usikkerheiter ved Stad skipstunnel, så må spørsmålet om kva i all verda er dette for noko stillast?

Dette oppdraget, som vart sendt til Kystverket i november 2022, og oser av politisk spel og passe noko av Oslo-pressa og enkeltpersonar i det politiske miljø i Ap.

Kontrollen av kostnadane vart gjort igjennom KVU 1 og KVU 2.

Har fiskeriministeren mistillit til disse to utgreiingane slik han ynskjer å få fram i endå ein rapport?

At fiskeriministeren forsøker på nytt å speide usikkerheiter om det mest greidde ut statlege prosjektet i Norge. Den osar også av mistillit til Kystverket, noko som etter mitt syn er heilt utruleg og utan noko grunnlag for.

Kva viser så rapporten? Den viser at frå 2017 til 2023 så er der ei prisstigning til liks med alt anna på cirka 800 millionar kroner brutto med moms. Dette er no ikkje noko særsyn å reagere på i det heileteke.

Men så kjem det finurlege som også osar av mistillit til at Kystverket kan sprenge stein under havoverflata, du snakkar meg om tøv, det også vert reist tvil om der finnast erfaringar frå slikt arbeid i Norge. Dette er der no masse erfaringar for i Norge, berre tenk på alle skipsdokkane som forskjellige skipsverft har sprengt ut oppgjennom åra, har det vore noko problem? Nei, tvert imot.

Kva er det som skal gjerast? Der skal skytast ut i kjent fjell, 1,7 kilometer langt, verken meir eller mindre.

Prosjektet Stad skipstunnel har fått svært stor internasjonal merksemd, berre dette burde få fiskeriministeren til å juble, her kan Norge som det fyrste land i verda verkeleg selje ingeniørkunnskapar og skape arbeidsplassar.

Så er tidspunktet meir ein merkeleg, rett før det er klart til å sende ut anbodspapira og der ein ville får svar på kva kostnaden vil verte. Dette luktar det svidd av, verken meir eller mindre.

Men vi trudde verkeleg at når nesten eit samla Storting våren 2021 vedtok at Stad skipstunnel skulle byggast så var tida for slike bakhaldsangrep over. Men vi kan dessverre ikkje stole på Ap i denne samanhengen.

Hadde dette vore havvind, så hadde eventuelle overskridingar møtt med eit skuldertrekk, sjølv risikoane for overskridingane i havvind er minimum 10- gongen det som er for Stad skipstunnel. Så pytt, pytt.

Slik vert altså kysten sine folk handsama av Støre-regjeringa, men då reiser det seg eit stort spørsmål, kva viste Sp om dette bakhaldsangrepet? Dette kan kort og godt ikkje Sp leve med.

Her må kysten sine Ap-folk som vi veit støttar Stad skipstunnel verkeleg vise kva dei vil. Kanskje dei skal tilby ei havvindmølle? Då ordnar det seg nok. Lukke til!