Bygg Skram skole slik de har lova!

No er det nok! Stå for det de har vedteke.

Vi følger med på debatten med stor bekymring. Vi veit korleis vår skulekvardag er, og den er ikkje god nok. Brakkeskulen på Tennebø er rett og slett ikkje eigna for barneskuleelevar. Vi fryktar at dersom byggeprosessen ikkje startar no, må Skram skole bli verande i brakkeskulen på Tennebø i mange, mange år.

Personalet og elevane på Skram skole har vore på brakkeskulen i 2,5 år. No i desember skulle vi ha pakka ned skulen, og flytta tilbake til Måløy, til nye Skram skole. Dette var ein av føresetnadene for at vi sa oss villige til å ha midlertidige lokale på Tennebø. Vi saknar nærmiljøet vårt.

Når vi ser på avisinnlegg frå dei siste dagane, ser vi at skule og nærmiljø engasjerer folk i bygd og by. Ingen av oss ønsker å skape meir splid blant innbyggarane, men vi vil atter ein gong poengtere kor viktig det er for oss at Skram skole blir bygd snarast.

Skulen er ferdig teikna. Prosjektgruppa under leiing av Vidar Andersen har laga ein god og gjennomtenkt plan for nye Skram skole. Både elevar, tilsette og foreldre har brukt mykje tid og krefter på å finne gode løysingar, i samarbeid med prosjektgruppa. Her har alle blitt høyrt.

Vi undrar oss over at kommunedirektøren skriv følgande i sakspapira til kommunestyret:

«For å kunne gjennomføre ei reell innbyggjarhøyring knytt til skulestruktur og kommuneplanen sin samfunnsdel, bør det også utløysast eit utvida konkurransegrunnlag for ein større skule i Måløy(…). Tilsette og foreldre bør også kunne ha høve til å påverke korleis ny skule i Måløy skal utformast.»

Vi meiner at både innbyggarar, tilsette og foreldre har fått anledning til å uttale seg i denne saka mange gongar, og talen er klar!

Bygg Skram skole i Måløy slik de har lova!