Skavøypoll skule, VÅR framtid!

Skulestruktur og nedlegging alltid eit sårt tema. FAU ved Skavøypoll skule og SU i Skavøypoll barnehage vil gjerne komme med sine synspunkt i den pågåande saka. Vi vil sjølvsagt kjempe for vår skule, vi ynskjer ikkje at Skavøypoll skule skal leggast ned. Vi meiner nordre del av Kinn må ha minst to skular!

Skavøypoll skule ligg sentralt til i Deknepollen med fantastiske turmoglegheiter i umiddelbar nærheit. Dalsneset gir barna våre rike opplevingar både i form av et naturlig leikeområde, moglegheit til bading og strandliv, og korleis ferdast trygt i og rundt vatn. Dalsneset er flittig brukt året rundt på ute skule for elevane. Dagsturhytta på Kletten, leikeplassar på Tennebø, Ivahavet, Okshola og Kulen er fine og korte turmål. Vi har fjæra i umiddelbar nærheit og et samarbeid med Fagskulen gir læring i krabbefiske. Besøk på Skulebas og andre samarbeid med ulike linjer på Måløy vidaregåande skule bidrar også til gode opplevingar og læring. Alt dette er i gangavstand frå skulen!

Skavøypoll skule er også ein skule, som ifølge kommunedirektøren blir drifta godt! Vi har ein engasjert rektor med eit fantastisk personale. Eit godt utdanna personale! Her har alle tilsette enten fagbrev eller høgare utdanning! Dette gir resultat i form at eit trygt, stabilt og solid fagmiljø med høg kompetanse. Skulen har gode resultat både på nasjonale prøver og elevundersøkinga.  Vi kan for eksempel vise til elevundersøkinga frå i fjor som går på læringsmiljø, der Skavøypoll scorar høgare enn snittet i Kinn, og resultat frå nasjonale prøver i fjor, der 5. klasse var best i heile landet. Dette er ikkje resultat som kjem av seg sjølv!

I Deknepollen ligg barnehagen og skulen side om side. Der er eit tett samarbeid mellom Skavøypoll barnehage og Skavøypoll skule. Et samarbeid som gir barna ein unik tryggheit i overgangen mellom barnehage og skule. Dette er også med på og bidrar til auka trivsel og tryggheit, som er avgjerande for eit trygt og stabilt læringsmiljø!

Vi treng fleire skular i nordre del av Kinn! Doris Christensen i Kinn Arbeidarparti snakka om bustadstomter i Måløy og mottak av flyktningar. Vi har, slik vi forstår, både regulerte og fleire planlagde bustadfelt i Deknepollen, vi tar imot flyktningar i Deknepollen også. Vi er ei bygd i vekst!

Vi vil også trekke fram saka der Anette Stene Seljen tar opp moglegheitene for skulebytte knytt til mobbesaker. Vi deler Annette si bekymring knytt til §9A i opplæringslova. Vi er bekymra for kva konsekvensar det får for allereie sårbare barn, når kommunen ikkje har moglegheit til skulebyte. Kva vil dei langsiktige konsekvensane vere?

Vi har fleire bekymringar knytt til ein stor skule. Uteareal og området er ei av dei. Ungane ved Skavøypoll og Raudeberg skule mister mykje som er viktig for utvikling og læring når det kjem til naturmoglegheiter. Dei blir flytta frå grøntareal og ulendt terreng, som er bra for motorisk utvikling, til asfalt og betong!

Trafikksikkerheit er eit anna moment. Gatene i Måløy er på ingen måte tilrettelagt for den mengda trafikk som ein storskule vil medføre. Dette vil føre til store utgifter knytt til trafikksikringstiltak! Det må også gjerast store trafikksikringstiltak fleire stader i Deknepollen, kva vil dette koste?

Måløybrua og storm må også nemnast. Seinast onsdag 22.11.23 var Måløybrua stengt over ein lengre periode på morgonen. Kva skal løysinga på denne problematikken vere? Skal foreldre sende barna til busshaldeplassen og håpe bussen kjem? Skal barn ned i 5-6 års alderen stå i sterk storm og vente på om bussen kanskje kjem?

No er det på høg tid å forholde seg til dei politiske vedtaka som er gjort og ikkje mane til evige omkampar. Det er på høg tid at barna og foreldre ved Skram får den skulen dei er lovd å få! Det er på høg tid at politikarane tar ei populær avgjersle og går for bygging av Skram skole slik den er planlagt!

Vi vil behalde skulen vår!

Og til slutt, kjære Florø-folk. Vi legg oss ikkje opp i skulestrukturen i søndre del av Kinn kommune. Vi har ikkje innsikt i avstandar, lokale utfordringar og anna. Vi har ikkje kunnskap og kompetanse til å uttale oss om dykkar del av kommunen og skulestrukturen der, og vi tør påstå at det same vil gjelde dykk om vårt område. Gjer vel og tenk dykk om før de uttalar dykk om noko de ikkje har kunnskap om.