Om strategiske val 

Torsdag denne veka skal saka om anbod på Skram skole behandlast i ekstraordinært kommunestyremøte. Saka handlar om anbodet på 250 elevplassar bør utvidast til to alternativ, eit på 250 og eit på 400 elevplassar.

Eg påstår at vedtaket som fattast vil legge føringar på korleis vi skal komme oss gjennom den omstillingsprosessen vi no står i startgropa av. Til liks med fleirtalet av norske kommunar er det eit faktum at vi blir færre barn og fleire eldre. Innan sektor oppvekst skal det sparast vel 40 millionar i åra som kjem, pengar skal flyttast frå ein sektor til ein anna.

Kva har dette med anbodet på Skram skole å gjere? Kort fortalt – dette handlar om eit strategisk val. Låser vi oss gjennom utlysinga til prising av eit alternativ, tar frå vi på kort sikt oss sjølve moglegheita til å gjere endringar i skulestruktur i nordre del av kommunen vår med dei konsekvensar det vil medføre. Det vil påverke driftsbudsjetta til alle skulane våre i åra som kjem, men også dei strukturendringar som følgjeleg må gjerast i søre del av kommunen.

Å på ny ta frå rektorane våre eit allereie innskrenka handlingsrom for utviklingsarbeid, fleksibilitet og individuelle elevtilpassingar er det eg fryktar mest. Ostehøvelen har vi brukt i mange år, og den slitasjen det har medført trur eg både tilsette og elevar ved skulane våre kjenner på (det vert for øvrig vanskelegare og vanskelegare å bruke ostehøvel jo tynnare osten vert).

«Pedagogisk utviklingsarbeid skjer i eit praksisfellesskap» seier rektor ved Raudeberg skule i møte med oppvekst og kulturutvalet 21. november. I lag med tillitsvalde og tilsette ved skulen uttrykker ho med dette ei bekymring for korleis reduserte elevtal og dermed også lærarstillingar vil påverke lærarkollegiet og utviklingsarbeidet på skulen hennar. Det kjem fram at dei mykje heller vere med og delta i forminga av nye Skram skole frå starten av, framfor å potensielt komme inn i ettertid. Dette handlar om å få vere med å bygge kultur, normer og fellesskap ilag, å få vere ein likeverdig part når framtidas skule skal utformast.

Eg stiller meg difor undrande til at delar av det politiske landskapet ikkje ynskjer å hente inn pris på kva det vil koste å bygge ein større Skram skole. Undringa tar meg vidare til spørsmålet om kva interesser det er som ligg bak, er det verkeleg omsynet til barna som i framtida skal vekse opp og gå på skule i Kinn som kjem først? Eller er det kjensler, lokal identitet og nostalgi som kjem til syne gjennom denne motstanden?

Ingenting gale med det nødvendigvis, men det kan ikkje vere det vere som skal vere dei berande prinsippa når vi skal bygge framtidas Kinn-skule.

Vi som er politikarar må vere vårt ansvar bevisst – vi skal tenke lenger enn fram mot neste år, eller neste val. Løft blikket og sjå at dei grepa vi gjer no skal stå seg om 20, 30, ja gjerne 50 år. Eg oppmodar difor alle partia til starte med dette anbodet – det vil gje oss eit langt betre bilde om vi no får inn to alternativ – det er ikkje farleg, og det vil ikkje låse oss til det eine eller andre alternativet. Det vil derimot gje oss moglegheit til å ta betre informerte avgjerder i omstillinga vi skal og må gjennom, og som vi strengt tatt allereie er for seint i gong med.