Kvar blir det av skulen vi vart lova?

No må byggeprosessen til nye Skram skole ta til!

Vi støttar fullt ut personalgruppa ved Skram skole som meiner skulen må komme no, og står for det vi kjempa for i fjor. Slik det er no er ikkje skulekvardagen til ungane våre god nok, og heller ikkje kvardagen til dei tilsette.

Brakkeskulen er for liten, og ikkje egna for ein god skulekvardag. Dette skulle vere midlertidig, men likevel er vi her på tredje året. Det er ikkje haldbart at elevane våre ikkje er samla under same tak, no må 5. trinn halde til i den gamle delen av Samfunnshallen.

I tillegg har elevane eit dårleg og trafikkert uteområde og ein skule som manglar både sløydsal, musikkrom, grupperom og skulekjøkken m.m. Ein har heller ikkje moglegheit til å samle større elevgrupper og foreldre til sosiale samlingar.

Vi meiner at både foreldre, politikarar, innbyggjarar og tilsette har fått moglegheit til å uttale seg fleire gongar omkring denne saka og at talen er klar. Både tilsette, foreldre og elevar har brukt mykje tid og ressursar på å finne gode løysingar. Forprosjektet til nye Skram skole er klart.

Lytt til oss og ta oss på alvor. Vi kan ikkje vente lenger – gje oss skulen som de har vedtatt og lova!