Sjølv har han aldri vore i Måløy-området før, men så lenge publikum viser kjærleik og respekt, og han får billig Cava og ein hundekvalp backstage, så trur han at hans første besøk til festivalen skal kunne bli ein suksess.

Då Fjordenes Tidende tar kontakt er han på bytur i Bergen saman med broren Theodor «Teddy» Sigurdsson Kvikne.

– Eg har nettopp kjøpt med ei svær røykpipe og tobakk, sånn som Gandalv har, for å feire at eg kjem på festivalen. Eg har berre høyrt fine ting om den, seier han.

Det er klart han må ha pipe. – «Nett so Gandalv har». Foto: Aleksander Risvik

Balestrendingen slo gjennom for fullt i 2015 med songen «Havanna» og kom verkeleg på alles lepper året etter då han slapp oppfølgjaren «Fredag» som i dag har over 13 millionar avspelingar på Spotify.

Dette gjer at han fleire gonger også har spelt på ein annan lokal festival, Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

Artisten under fjorårets Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Foto: Håvar Fagerli

– Men eg har aldri vore i Måløy før, så det blir spennande. Eg kan ikkje gro heilt fast på berre ein plass. Det er kjekkare å prøve nye ting, seier han.

Skal avslutte festivalen

Ein som er glad for det er styremedlem i Strandfestivalen, Kent Rune Bugjerde.

– Han starta jo Malakoff i fjor, midt på lyse dagen. Men samtidig så var det den konserten som skapte mest liv. Det var eit kjempeshow, og dei er utruleg dyktige til å få med seg publikum og lage skikkeleg feel good-stemning. Og det er jo akkurat det vi er, ein feel good-festival. Så at han no kjem hit til oss er berre midt i blinken, seier Bugjerde.

Eva Marie Pleym og Kent Rune Bugjerde i Strandfestivalen. Sistnemnde omtalar årets lineup som tidenes råaste. Foto: Gjert Myrestrand

At det er han som skal avslutte heile festivalen, ser artisten sjølv på som ei ære.

– Det er stas! Det er gøy å opne òg, men det kjekkaste er å avslutte kvelden når folk er på topp etter å ha hatt ein fin kveld. At vi skal kunne gi ei verdig avslutning på festivalen er spennande og gøy, og noko eg gler meg til, seier han.

Ser fram til å spele på bygda

Med suksessen han har opplevd har artisten stort sett spelt over heile landet, både i bygd og by. Men som bygdegut sjølv, veit han kva det betyr å spele på stadar der det vanlegvis ikkje skjer så mykje.

– Eg vaks jo opp på ein plass der det ikkje skjedde ein skit, så når det då først skjer noko, så blir ein i veldig godt humør. Det gjer at det ofte er litt meir stemning i bygdene enn i byane der det er program kvar einaste helg. Så eg synest som oftast at det er kjekkare å spele på litt mindre festivalar som har litt meir sjarm, seier han.

Refvik med sine rundt hundre innbyggjarar er truleg ein av dei minste festivalstadane i landet. Foto: Fjordenes Tidende

Krev respekt og kjærleik – og ein kvalp

Sjarm er viktig. For når artisten står på scena som sistemann laurdag, har han fleire krav, både til publikum og arrangørar.

– Behandle kvarandre med kjærleik og respekt, meir kan eg ikkje be om av publikum.

Dei fleste artistar har ein såkalla «rider», ei liste med ønske dei vil ha på plass backstage. Også der osar det av sjarm.

– Det er ikkje alltid krava våre blir følgt, men om dei for eksempel ikkje kan levere ein levande hundekvalp, så blir eg lei meg. Og så må vi ha fargerike armband som folk kan stå og putle med i tillegg til billig Cava og masse øl, seier han og held fram:

– Så eg trur vi eigentleg er ganske enkle. Konsertane pleier som regel å bli gjennomført bra, så der skal dei ikkje bekymre seg. Men om det er ein offisiell etterfest så trur eg dei heller kan bekymre seg for det. Det brukar å ta av, ler han.

Råaste lineup nokon gang

Med annonseringa av Kjartan Lauritzen er arrangørane av Strandfestivalen i mål med lineup-en til årets arrangement. Frå før av er Stage Dolls, Stavangerkameratane, DumDum Boys, Rotlaus, Vestlandsfanden, Morgan Sulele og Andrea Santiago allereie klare.

– Vi har tatt steg kvar år, men dette er utan tvil den råaste lineup-en vi har hatt nokon gang. Det som står igjen no er det som skal skje på Strandfestivalen junior, seier Kent Rune Bugjerde.

I tillegg til kvaliteten på artistane, trekker han fram den store spennvidda som årets publikum får.

– Med Kjartan Lauritzen så er lineup-en komplett noko som gjer at vi har noko for absolutt alle, frå 18 til 108 år. Det er perfekt.