Dei som er interesserte i strikking og samtidig er aktive på sosiale medium kan nok ikkje ha unngått å ha høyrt om Witre Design.

Selskapet som Ida Wirak Trettevik starta så smått i 2018 har fått mykje merksemd, og mange kundar, både i Norge og internasjonalt.

Til vanleg bur Wirak Trettevik i ei leilegheit på Grünerløkka i Oslo saman med mannen Lars Nødseth Trettevik, opphavleg frå Florø, og dei tre borna Mikkel (12), Pelle (9) og Otto (7), men denne hausten skal den unge strikkegründeren og familien bu i ei romsleg og spesiell hytte ved Dalevatnet i Bremanger. Hytta låner dei av familien til Ida sin ektemann Lars.

Då Ida nyleg la ut ein kort film på Instagram om turen frå Oslo til Bremanger, fekk den over 100.000 visningar på kort tid.

– Det tyder på at det engasjerer folk å sjå at nokon vågar å bryte opp frå kvardagen. At det er mogleg å gjennomføre det, seier Ida.

Frå venstre: Ida, borna Pelle, Otto og Mikkel og ektemannen Lars Nødseth Trettevik. Foto: Gjert Myrestrand

– For oss handlar dette først og fremst om å få tid saman med barna mens dei enno er små, legg Ida til.

Ho er opptatt av å bryte ut av etablerte mønster og unngå at livet og dagane heile tida blir prega av rutine og repetisjon.

– Vi ønskte å kome oss ut av det litt hektiske bylivet i Oslo, sjå og oppleve heilt andre og nye ting.

Det er ikkje første gongen at familien søker nye horisontar. I 2018 selde dei leilegheita dei hadde i Oslo og flytta til Engeløya i Steigen kommune i Nordland. Der budde dei i eitt år.

– Det passa bra å reise vekk akkurat det året, med omsyn til barnehage- og skulesituasjonen til ungane. Vi ønsker jo at dei skal ha stabile forhold etter at dei har blitt del av ei klasse og har fått seg venner på skulen.

Under opphaldet i Steigen skreiv Ida den første boka si, «En strikkers år». Den blei følgd av «Strikk med Witre Design» i 2022. For tida er ho i full gang med den tredje strikkeboka.

Denne hausten låg ting igjen til rette for å ta ei pause frå storbyen.

Lars er nemleg «mellom jobbar». Han skal begynne i ny jobb i Oslo i starten av desember og er for tida fristilt. I tillegg har forståing og god dialog med skulen som barna går på vore avgjerande.

– Vi fekk lyst til å gjere ein miniversjon av det vi gjorde i 2018. Det er noko som trekker oss mot små plassar og ein anna livsstil enn den vi har i Oslo. Vi har fått leigd ut leilegheita i Oslo i haust. I tillegg har skulen som ungane går på vore positive til at vi har heimeskule, der vi følger skulen sin årsplan medan vi er her i Bremanger, seier Ida.

– Eg håpar andre kan bli inspirert til å ta ein liten «timeout», reise til ein annan stad og oppleve noko annleis. For oss har det blitt viktig å prøve å få til slike ting. Og det er nok ikkje siste gang at vi flyttar, i alle fall mellombels, ut av Oslo, seier Ida.  Foto: Gjert Myrestrand

Gjekk «all inn» på strikking

Ida og Lars møtte kvarandre som sjukepleiarstudentar, og er begge utdanna sjukepleiarar. I dag er det berre Lars som jobbar i helsevesenet.

– Eg sa opp jobben min då vi flytta til Engeløya. For å gå «all inn» på design av strikkemønster, skrive bøker om strikking og selje strikkemønster som eg marknadsfører, ikkje minst på Instagram, seier Ida, som etablerte Witre Design AS i 2018.

Det er eit stort spenn i kreasjonane til Witre Design. Foto: Privat
Ida designar strikkekle for både damer og menn … Foto: Guro Sommer
… og barn. Gjerne med mange og sterke fargar. Foto: Jørgen Nordby

Då paret selde leilegheita i Oslo og flytta nordover hadde dei ikkje planar om å flytte tilbake til hovudstaden, men det enda likevel med det.

– Vi såg Oslo med litt nye auge då vi budde på Engeløya. Sjølv om vi nok ein gang har valt Oslo, så er det noko i oss som drar oss ut og vekk frå byen og den livsstilen vi har der. Vi drar heller ut av byen saman med barna enn å gå på Karl Johan. Vi er lite på teater og restaurant. Våre barn har det betre i skogen enn å sitte pent og pynteleg på ein stol på ein kafé. Vår dynamikk passar på ein måte betre i friluft. Det er det som gjer at vi har valt å reise hit til Bremanger.

I Bremanger får ungane ikkje minst oppleve ting som det skal godt gjerast å oppleve på Grünerløkka.

– Nyleg fekk vi alle vere med då ein hjort blei partert av Lars og svigerfar. Det er vel ein litt «praktisk» del av faget mat og helse for ungane, smiler Ida.

Mikkel, Pelle og Otto får med seg store naturopplevingar på «hytteturen» i Bremanger. Foto: Privat
Torsdag var heile familien på surfekurs i Hoddevik på Stadlandet. – Det var ei overrasking. Eg fortalde ingen om at eg hadde bestilt kurset før dagen før. Eg likar at ungane skal leve i augneblinken, utan å måtte stelle seg til noko som skal skje «der framme», seier Ida Wirak Trettevik. Foto: Privat