– Ein følte veldig på den dramatikken som må ha vore for dei som var nede i tunnelen, seier varaordførar Nina Grotle.

Etter dei første vurderingane frå Statens vegvesen er det klart at Skatestraumtunnelen ikkje blir opna igjen før i 2016, og det etter eit omfattande arbeid som vil koste titals millionar kroner. Sist veke fekk kommuneleiinga gå ned i tunnelen og med eigne auge sjølv sjå kor den dramatiske hendinga utspelte seg.

– Det må ha vore ei skremmande oppleving, seier varaordføraren.

– Skade og omfang er ikkje overraskande med tanke på brannen. Det er eit stort stykke arbeid å få den tilbake i stand, seier rådmann Tom Joensen.

Ein månad

Regionvegsjef Helge Eidsnes trur det vil ta ein månad før ein får fullstendig oversikt over skadeomfang og kostnad. Ein rapport er under utarbeiding til vegeigar som er fylkeskommunen.

– Vi må rive ned 500 meter av det som er igjen av tunnelen med beskyttelse og betongdekke og då vil vi inspisere nærare og finne ut kva som må byggast opp igjen, sa Eidsnes etter at han kom ut frå den første synfaringa torsdag.

Då hadde vegvesenet allereie jobba eit døgn. Lause gjenstandar var fjerna, lys var kome på plass og tunnelen var vaska frå inngangen ved Klubben og fram til ulykkesstaden. Rivearbeidet i den resterande delen var i full gang.

Har nok mannskap

Regionvegsjefen fortel at dei har mannskapet dei treng, trass ferietid.

– Vi har det vi treng for å starte arbeidet med å rive ned, kartlegge og finne årsakene og starte planlegginga. Vi hadde første byggemøtet fredagen, to døgn etter brannen, fortel Eidsnes. Regionvegsjefen har 18 års erfaring som brannsjef, som han dreg god nytte av no.

– Eg har klart veldig stor nytte av det. Eg har jobba med dette i 20 år, både førebyggande arbeid, tilsyn og eg handtert mange brannar i tunnelar som innsatsleiar. Eg veit korleis det artar seg og veit kva dramatikk det kan vere. Det er ein viktig kunnskap eg har med inn i jobben som regionvegsjef. Sikkerheit står veldig høgt i Statens vegvesen og vi brukar mange milliardar kroner i sikkerheit på tunnelane våre, seier han.

Les alt om ulukka her: