– Dette er ein arena der vi kan begynne å dyrke talenta tidleg. Planen vår er at vi byrjar med å finne og motivere dei beste allereie på ungdomsskulenivå, fortel administrerande direktør Sindre Kvalheim i LocalHost.

– No formaliserer vi arbeidet gjennom Måløy Academy. Vi har jobba både i lag og kvar for oss, men no set vi elevane og studentane saman i eit system og eit større miljø. Det er det dei treng, forklarar administrerande direktør Øyvind Reed i Videonor.

Får mykje att

Håpet til initiativtakarane er at dei skal klare å knyte til seg ti nye elevar kvart år.

Som eit ledd i utviklinga av Måløy Academy har initiativtakarane brukt om lag 500.000 kroner på å bygge opp eit moderne «klasserom» i etasjen over LocalHost sine kontor.

– Den verkelege kostnaden er dei mange timane vi bruker på å sette våre tilsette til å trene elevane. Men det vi får att er kvalitetssikra folk, seier Kvalheim.

– Dei er både frå YSK/TAF i Vågsøy og frå dataelektronikar på Eid. Her blir dei sittande til vi føler dei er klare for å tre inn i produksjonen, forklarar han.

Kvalheim peiker vidare på at det svært viktig for dei at Måløy vidaregåande skule får tilbake YSK/TAF IT-tilbodet for at dei skal klare å rekruttere til blant anna Måløy Academy.

– Datalektronikar og YSK/TAF IT bidrar med heilt ulik kompetanse og dekker to ulike formål, seier han.

Reed viser til fleire fordelar med å knyte elevane tett til seg.

– Her får vi trent dei i det som vi treng å trene dei i. Vi kan ikkje la dei gå gjennom ein skuleplan som ikkje er heilt relevant. Her får dei jobbe med topp moderne serverar og tenester, slik at vi sørgar for at den kompetansen dei tileignar seg, er noko vi kan ta i bruk nesten umiddelbart, seier han, og fortset:

Kvalheim fortel om eit stort behov på rekrutteringssida.

– Hadde eg hatt dei rette søkarane innan programmering, så kunne eg tilsett fire i dag.

Fordelar med lokalisering

Eit av måla til initiativtakarane er at elevar og studentar som er knytt til Måløy Academy skal kome tilbake for å skrive oppgåva eller bacheloren sin.

– Då har du gjerne ein forretningside som du vil jobbe vidare med. Men det er jo trasig viss vi klarer å utdanne dei beste, og så kjem dei heim med ein knallgod idé som krev ti millionar kroner, men så får dei ikkje støtte. Den nøkkelen sit vi på, seier Kvalheim.

Dei to daglege leiarane ser fleire fordelar med at tilbodet er lokalisert i Måløy.

– I bedriftene som er knytt til oss har vi 60 personar som kan medverke til undervisninga med nyttig kompetanse. I tillegg har vi eit internasjonalt og nasjonalt nettverk som strekker seg frå Rittal og IBM til NTNU og Høgskulen på Vestlandet, seier Kvalheim.

Han utfordrar andre bransjar til å tenke i liknande baner.