Svar til Randi Paulsen Humborstad sitt innlegg «Måløy Vekst inviterer til samarbeid i Nordfjord»

Då eg var bedt om å halde eit innlegg på møtet med Hovedutvalet for Opplæring 9. april, tok eg opp ei bekymring for at denne prosessen ville kome til å skape splid i Nordfjord. Og splid har det blitt.

I innlegget ditt skriv du at Måløy Vekst inviterer til samarbeid i Nordfjord. Men viss de verkeleg ynskte samarbeid, ville normal framgangsmåte vere å invitere dei andre vekstselskapa til å utforme eit innspel saman, og ikkje lage eit ferdig spikra innspel som kun omhandlar studiespesialiserande, og sende dette ut til styret i vekstselskapa med svært kort signeringsfrist, sjølv om den eigentlege høyringsfristen ikkje er før i slutten av mai.

Eg trur nok de var fullstendig klar over at dei som sit i Stad Vekst ville ha tungt for å svelge innspelet som i praksis vil medføre at Eid Vidaregåande seier frå seg vidareføring av den foreslåtte parallellen i studiespesialiserande, og dermed mister ytterligare 90 elevar i tillegg til dei andre kutta på FBIE-linja, samt plassane på industriteknologi og elektro frå justeringssaka. Snart ville det nesten ikkje vere noko att av den vidaregåande skulen som ligg midt i Nordfjord.

Då Stad Vekst då ikkje ville signere, køyrer de på med pressemeldingar, NRK-innslag og fleire avisoppslag. Her er strategien tydeleg. Ein vil sette alle opp mot Eid, for å skape eit inntrykk av av eidarane ikkje vil støtte dei andre skulane, for så å få breiare støtte til eiga sak. God gamaldags splitt og hersk-teknikk.

Eg kjenner ingen på Eid som ynskjer at vidaregåande i Måløy, Sandane eller Stryn skal få redusert utdanningstilbod, men sjølvsagt er det tungt for vekstselskapet å bidra til at skulen i kommunesenteret skal miste ytterligare 90 elevplassar. Eg trur heller ikkje Måløy Vekst ville signert på eit slikt innspel om situasjonen var omvendt.

Måløy Vekst har som regel fokus på kysten og alliansane der, og vender seg sjeldan innover Nordfjorden. Men for oss som kvar einaste dag samarbeidar tett med bedrifter i Måløy, Stryn, Bremanger og Sandane, er denne saka berre trist. I fjor kjøpte bedrifta eg jobbar i varer og tenester for over 20 mill frå dyktige bedrifter i dei andre Nordfjordkommunane, berre fordi ein trur at vi i Nordfjord bør kunne samarbeide og spele kvarandre gode, og at vi saman kan konkurrere mot kven det skal vere både på pris og kvalitet.

Eg håpar ein greier å få vidaregåande-diskusjonen inn på eit betre spor, og at ein sluttar å legge opp til splid. Vi er alle glade i den vidaregåande skulen vår, og vi skal samarbeide om mykje spennande i framtida også. Det er ikkje nabokommunane i Nordfjord som er trusselen vår, det er dei langt større byane som Bergen og Oslo som stikk avgårde både med folka og ressursane våre. Dette ser vi også i denne saka, pengar til vidaregåande utdanning vert flytta frå distrikta og over til Bergen, mens vi sit her og kranglar om det som er att.

Eg ynskjer ikkje å legge opp til ein mediadiskusjon om dette, men prøve å forklare kvifor eg trur vi står der vi står. Desse avisinnlegga frå bedrifter og vekstselskap med massevis av skulefagleg argumentasjon, nøye utvalde søkjartal, korleis ein kan undervise programfag, YFK/TAF som «nesten» er det same som studiespesialiserande og så vidare, har eg lita tru på. Dette har ikkje vi greie på, verken eg eller du. Vi i næringslivet får konsentrere oss om å flagge kva behov bedriftene har, og så får vi overlate til skulane, fylkesdirektør og kloke politikarar å ta gode avgjerder om framtidas skulestruktur, til beste for elevane, skulane og bedriftene i heile Nordfjord.