– Eg bed med dette om at Statsforvaltaren avviser vedtaket. Storeholmen ligg i eit område med blautbotn, ålegrasenger, tareskog, gyteområde for torsk, oppvekstområde for torsk og hummer, strandeng, regnskog, gammal kystfuruskog og sjøfugl (fleire raudlista artar). Storeholmen ligg også tett på Tennøyane naturreservat, skriv ein av dei.

Vedkommande viser til at dette er eit LNF-område.

– Sjølv om kommunen i strid med innspel frå Statsforvaltaren i Vestland Norges Miljøvernforbund, Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane, Fiskeridirektoratet og privatpersonar, arbeider med å gjere det om til industriområde og legg til rette for at FFI får bygge ein gigantisk ammoniakk- og hydrogenfabrikk.

Klagaren viser også til at det allereie er eit stort press på dette området med steinbrotet til Bremanger Quarry og vindturbinar i Hennøy vindpark rett over fjorden.

– Ut frå det eg forstår, er ikkje ein vindmålar eit nødvendig tiltak ikonsekvensutgreiinga tiltakshavar arbeider med. Tiltaket vil ikkje gje informasjon om kva konsekvensar ammoniakk- og hydrogenfabrikken kan få for natur og lokalsamfunn, men berre om området er eigna for ein fabrikk.

Vedkommande meiner derfor at tiltaket bør settast på vent til anna onsekvensutgreiing er ferdig, og presiserer at dette ikkje handlar om korvidt masta vil bli synleg frå deira eigedom eller ikkje.

– Det handlar om kva konsekvensar heile prosessen med omgjering av LNF-område til industriområde og bygging av ein ammoniakkfabrikk vil ha for min eigedom og min familie som brukar av dette naturområdet, og for Svelgen-samfunnet som heilskap.

Fleire klager

Ein annan grunneigar skriv i sin klage:

– Vindmålaren skal settast opp i eit område der det er mykje fugl, bla raudlista sjøfugl og kongeørner og havørner. I området går der også føre seg hjortekalving og parring (der er bl.a. ei svær hjortegrop tett ved). Også oppvekst- og gyteområde for torsk og andre fiskeartar, ref. større ålegrasenger og også tareskoglokalitetar. I området ved Gulebrystet er der også registrert fattig boreonemoral regnskog (raudlista). Dette til saman gjer bl.a. at området må sjåast på som sårbart.

Denne klagaren meiner at ei slik mast på Storeholmen vil vere eit inngripande tiltak i LNF-område, då området må sjåast på som særskilt sårbart.

– Det er eit stort press på området, med tanke på steinbrotet like over fjorden samt vindturbinar i nærleiken. Ein bør derfor vere ekstra varsam med tanke på inngrep i området, dette sjølv om tiltaket er tidsavgrensa, skriv vedkommande og legg også til at ein vindmålar ikkje er eit naudsynt tiltak i den KU-vurderinga som tiltakshavar no har under arbeid.

Denne klagaren viser også til at ein elles må kunne anta at data frå vindkraftverka, både på Guleslettene og frå Hennøy vindpark, vil kunne gje nyttig informasjon for Nordconsult AS med tanke på vindforholda i området.

– Slik informasjon må også kommunen som ansvarleg planmyndigheit kunne innhente.

Klagaren påpeiker også på at ein kan sjå det som forskjellsbehandling i kven som må gjennomføre omfattende skredvurdering og ikkje, når privatpersonar ikkje får anna alternativ enn å gjennomførte ei kostbar skredvurdering frå kompetent organ i overgang frå festetomt til hyttetomt medan kommunen i saka om ein stor industriaktør si oppsetjing av vindmålar berre har gjort ei skjønnsmessig vurdering med omsyn til skredfare.

Denne klagaren har bedt om at klaga blir gitt oppsetjande verknad, altså at vedtaket ikkje trer i kraft før endeleg klagebehandling er avslutta. Dette fordi tiltaket er så inngripande i naturen.

Tre klager så langt

Bremanger kommune ser ut til å ha mottatt tre klager så langt på vindmålestasjonen.

Dette kan ein lese i den tredje klagen som også er sendt Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren:

– Vi meiner dette er eit ledd i ein større prosess, for å få omregulert eksisterande LNF-område til industriområde slik at FFI kan bygge planlagt ammoniakk- og hydrogenfabrikk. Vi meiner arbeid knytt til storulykkeverksemda må avventast til områdereguleringa er vedtatt.

Dei peikar også på at Statsforvaltaren i Vestland har sagt at det er viktig å vurdere om det kan vere andre eigna lokalitetar som i mindre grad kjem i konflikt med naturverdiar og biologisk mangfald.

– Statsforvaltaren i Vestland er ikkje den einaste som er kritiske til lokasjonen, både Norges Miljøvernforbund (NMF) og Forum for natur og friluftsliv (FNF) Sogn og Fjordane er også kritiske. Dei krev områdereguleringa avvist, då dei meiner at prosjektet er samfunnskadeleg og har omfattande negative natur og miljø-konsekvensar. Fiskeridirektoratet seier dei kan kome med innsigelsar dersom planen legger til rette for aktivitet eller tiltak som kan gi negativ påverking på kysttorsk-bestanden i regionen, skriv klagarane.