Fortescue og eit lite framtidsretta anlegg i Holmane

Elkem Bremanger treng handlingsrom med tilgang på nok kraft. Dersom dei kan komme med nye produkt og nye arbeidsplassar, har eg tru på at det kan bli fleire fastbuande i Svelgen-området. Smelteverket er hjørnesteinsbedrifta og må på ingen måte settast i spel!

Kraftoverskotet ein har no er berre midlertidig, når linjene over Sognefjorden kjem blir kraftunderskotet etter kvart så stort at det må bli vindmøller på både Veten og fleire fjell i kommunen, i alle fall om Fortescue får bruke mesteparten av den krafta som finst i området. Dette blir på alle måtar dyre arbeidsplassar.

Drivstoff på skip? Er skipsreiarane med på laget? Kor tid kan skip som går på ammoniakk vere klar? Eller vil  produksjonen gå mykje til kunstgjødsel som hos Yara? I verste fall kan ammoniakken bli omgjort til elektrisk kraft t.d. i Europa, kor mykje kraft har ein då tapt?

Om bruken, sjå faktaark frå Fortescue si nettside om Holmaneset, grøn ammoniakk:

I verste fall er ikkje dette utvikling av grøn kraft, men misbruk av grøn kraft. Planane har vi høyrt om, men kva blir realitetane?

Miljøvennleg produksjon? Ammoniakkproduksjon bør foregå på plattformer til havs. Solvarme, havvarme, solenergi, vindmøller, havkraft og anlegg for varmegjenvinning kan byggast opp, gamle oljeplattformer kan få nye bruksområde. Produksjonen av ammoniakk bør ikkje vere større på kvart område enn at dei sjølve kan produsere den krafta dei treng.

Dette blir ei mykje meir miljøvennleg og framtidsretta løysing enn det som er planlagt i Holmaneset: Når det er for lite vind lokalt må FFI bruke m.a. importert kolkraft frå Europa, eller vil dei heller redusere produksjonen når det er for lite vind? Elles blir jo ikkje all ammoniakken grøn..

Vest og sørvest for Kalvåg er der fleire grunne område, utanfor vernesona. Om noko der blir fylt opp og planert så vil ammoniakk-produksjonen bli i kommunen, i eit område med større avstand til folk og fe enn i Holmaneset. I tillegg er der meir vind som spreier gassane rakst og små-lekkasjer blir til mindre plage. Det trengst arbeidsplassar også i ytre Bremanger og der er mykje meir friområde å ta av. Der kan skip langs Norskekysten legge til og tanke, utan mellomtransport.

Storulykke - konsekvensar? Mange grender og gardsbruk er innanfor skjermingssona/faresona og berre ein km frå det planlagde anlegget. Kva inneber «skjermingssone», av forbod, påbod og farar? Store eller små lekkasjar kan ramme ulike område ut frå ulike verforhold. Mange spørsmål treng svar.

Å overlate alle svar på spørsmål til FFI er enkelt, men ikkje haldbart, det blir som bukken og havresekken. Svara ein får kjem ofte an på korleis ein stiller spørsmåla.

Eg reknar med at kommunen vil skaffe informasjon frå uavhengige kjelder som ikkje sjølve tener på etableringa.

Friområde. Frå bygdene og fjella kring Nordgulen er det fantastisk utsikt mot Holmane, den er mykje verd! Området er regulert til friluftsområde og er ei umisteleg perle med store kvalitetar for rekreasjon.

Utfylling i Holmane vil vere ei katastrofe for både natur og menneske!

Om FFI sitt prosjekt på Holmaneset blir noko av, så må hydrogentanken og evt. ammoniakktanken plasserast minst 600 m frå veg og bustader p.g.a. faren ved ein evt. eksplosjon. Hydrogen er den mest eksplosive gassen som finst. Då ryk Storholmen med som anleggsområde, mesteparten blir dekka med betong som ei forlenging av Holmaneset. Hydrogentanken blir ståande der ute, som eit minnesmerke over politikarane som raserte området, godt synleg for alle. På toppen av eit tårn kjem truleg også eit hurtig blinkande lys, ikkje omtala på førehand, som om det ikkje betyr noko. Det må nok vere der for luftfarten sin del.

Lyset kjem i siktlina til grendene ikring, er dette greitt? Kva betyr det for helsa til innbyggarane med ein kraftig blink annakvart sekund? Dette kan få folk til å flytte frå både Svelgen og bygdene ikring, og tilflyttinga blir meir usikker.

Bygdefolka er stolte over Svelgen og bygdene ikring, og ønsker ikkje å få området øydelagt på denne måten. Vi har familie, venner og kjende i Svelgen og er ofte der. Dette betyr svært mykje for alle.

Om Svelgen skal få tilflytting må omgivnadane vere attraktive, også på fritida, og dei må følast trygge. Ein jobb er ikkje nok for å få tilflytting i våre dagar. Rasering av strandsona i friområde hjelper heller ikkje.

Terrasaka blir vel brukt til læring? I denne saka er det også mange feller å gå i, ein må ikkje berre lytte til dei som snakkar om gull og grøne energiar. Alle saker har ei bakside, og ulempene kan vere så store at dei blir for tunge på vektskåla. Det er dumt å finne det ut i etterkant, når det er for seint å snu.

Har ein råd å seie ja til ei slik utbygging? Naturen kan aldri nokon sinne tilbakeførast, og er tapt for alltid. Dette er på alle måtar dyre arbeidsplassar.