Ho fekk kreft første gong då ho var 22 år. Ho var til legen på grunn av allergi og sa samtidig frå at ho klødde ein del på den eine armen, og spurde om han kunne sjå på den vesle føflekken ho hadde på armen.

– Eg tenkte eigentleg ikkje noko særleg over kløinga, men nokre dagar før hadde eg fått noko i posten om føflekk-kreft og tilfeldigvis sett eit TV-program om det.

Legen såg på den og meinte den var heilt fin. Men då ho gjekk ut av kontoret, kom legen etter henne. Han hadde ombestemt seg og ville fjerne den.

– Eg fekk beskjed om at det var eit malign melanom som det heiter. Eg hadde føflekk-kreft.

For å vere sikker på at alt var vekk, blei Bente operert fleire gongar. I ti år gjekk ho til kontroll og dei einaste fysiske spora etter denne tida er arra på overarmen.

– Kreften blei oppdaga på eit veldig tidleg stadium og eg var heldig som slapp anna behandling. Eg sola meg mykje i solarium på den tida og brukte lite solkrem. Føflekk-kreften førte til at eg ikkje var og er så mykje i sola lenger og at eg har full kontroll på eigne føflekkar. Eg passar også godt på barna mine sine, smiler ho.

Då ho fekk diagnosen trudde ho, som var frå ein frisk og rask familie, ikkje på det.

– Det tok faktisk eit par år før det sokk inn kor alvorleg det kunne ha vore. Så eg er veldig glad for at eg var hos ein lege som kom etter meg.

Bente Olseth er glad for at ho har hatt flaks sjølv om ho har hatt uflaks først. Foto: Kjellrun Åsebø

Ny alvorleg beskjed

I januar i år, 34 år seinare, tar livet igjen ei anna vending. Bente får på nytt beskjed om at ho har fått kreft.

Alle som er fødde i 1967 fekk frå 2022 melding med tilbod om tarmscreening som del av eit nytt program for å oppdage tarmkreft. Bente fekk utstyr til å ta avføringsprøve i posten og bestemte seg for å ta den.

– Etter ei lita stund fekk eg beskjed om at dei fann litt blod i avføringa og eg blei innkalla til koloskopi i vinterferien. Men då var vi på skiferie på hytta. Eg tenkte at eg har fødd tre barn, to av dei litt seint i livet og har hatt litt hemoroidar. Eg hadde ingen andre symptom på at noko skulle vere gale.

Bente hadde heller aldri sett blod i avføringa sjølv.

– Eg var heilt overbevist om at det var naturleg og var ikkje bekymra. Eg fekk undersøkinga utsett ein månad og hadde eigentleg tenkt å avlyse den.

Men då det oppstod ein diskusjon om det heime, blei ho pusha til å ta den, og drog til sjukehuset i Førde.

– Legen sa at heile tjukktarmen min såg fin ut. Heilt til han kom til slutten. Då sa han før han hadde tatt biopsien. «Du har kreft». Han var heilt sikker. Han tok fleire prøver og sende dei inn.

Tre dagar seinare fekk ho telefonen. Legen hadde rett. Det var kreft. I endetarmen.

Ho var optimistisk då ho reiste inn for å møte kirurgen og operere. Det kunne jo ikkje ha kome så langt? Og no skulle dei fjerne kreften. Kanskje måtte ho har litt stråling, tenkte ho.

– Då eg kom inn til kirurgen, sa ho berre at ho skulle gjere meg heilt frisk, men at eg i framtida måtte tørke meg på magen og ikkje i baken. Eg forstod ikkje kva ho meinte, og ho forklarte at ho måtte fjerne endetarmen og at eg måtte leve med stomi.

– Er det noko gale med meg?

Bente hadde høyrt ordet stomi og visste litt om kva det var, men no blei ho heilt sett ut.

– Eg blei heilt sjokkert. Eg begynte å grine etterpå fordi eg ikkje forstod omfanget av det. Eg var der åleine og begynte å tenke. Ikkje skulle eg dø. Eg skulle bli heilt frisk. Eg skulle ha stomi resten av livet, og dei håpte eg kunne sleppe cellegift.

Bente på Sentralsjukehuset i Førde etter operasjonen. Foto: privat

Ho fekk sjå svulsten sin.

– Den var avlang og ikkje rund. Den hadde vakse langs tarmveggen og var vanskeleg å oppdage fordi eg då ikkje fekk dei vanlege symptoma. Eg hadde flaks for andre gong, seier ho.

Samtidig følte ho seg dårleg fordi ho no hadde fått kreft to gongar.

– Er det noko gale med meg? Er det eit forvarsel om at no skal eg stryke med? Før tenkte eg alltid at eg er frisk og sunn. Etter å ha fått kreft to gongar har det blitt vanskelegare å sjå seg sjølv slik, seier ho stille.

Ho har spurt legane og dei svarer at ho har berre uflaks.

– Det er uflaks at eg ikkje har fått dei vanlege symptoma. Det er uflaks at har fått desse krefttypane. Tarmkrefttypen eg har er ikkje arveleg.

Bente har ei kasse på badet med utstyret ho treng for å skifte stomiposar. Foto: Kjellrun Åsebø

Har endra livet

Tjukktarmen er lagt ut og ho har ein pose på magen som må skiftast ved behov. For å skifte trengst ein ny pose, og utstyr for å tømme, reingjere og unngå sårheit. Frå å vere ei som kan legge frå seg lommebok og nøklar på plassar dei er vanskelege å finne igjen, krev stomien at dagane blir meir planlagde.

– Eg er litt rotehovud, men no måtte eg sørge for alltid å ha nok utstyr og utfordringa mi blei å ha utstyr på alle strategiske plassar, som naudposar, med to skift i, i bilen, små vesker alle plassar eg går, ekstrautstyr på arbeidsplassen og hos mora mi. Men no føler eg at eg har fått det på plass, smiler ho.

I tillegg har det tatt tid å venne seg til at stomien lager lyd som ho ikkje kan kontrollere.

– Eg blir eigentleg veldig flau av det. Ein er oppdratt til at ein ikkje skal prompe, men så kjem det lyd frå den posen. Sjølve systemet er lukka, så det kjem ikkje noko lukt. Det er også ubehageleg viss det blir mykje sitting, og eg ikkje får skifta når eg må, forklarer ho.

Bente Olseth har eit godt humør og ein smittande latter. Å halde på humøret har vore spesielt viktig for henne det siste året. Foto: Kjellrun Åsebø

Har blitt naturleg

Men ho har også, på under eitt år, blitt vand til det.

– Eg skiftar heile posen kvar gong. Heile familien var med på det første skiftet og dei har aldri sagt noko. Eg dusjar utan å dekke til, og ungane er vande til å sjå meg gåande heime, seier ho.

To ting har berga henne frå å ikkje grave seg ned og synest synd på seg sjølv.

– Det eine er å løfte blikket og sjå korleis andre har det. Det er så mange andre skjebnar. Mange som kjem for seint, mange som ikkje får hjelp i tide, eller som er på feil plass til feil tid. Eg har hatt uflaks, men eg har likevel vore heldig. Det andre er galgenhumor, det å prøve å vere i godt humør.

I tillegg har ho blitt med i Norilco, som er foreininga for dei som har stomi og mage- og tarmkreft. Dei jobbar for ein god kvardag og betre livskvalitet for pasientar og pårørande.

– Foreininga er ein motor i viktige saker for alle som lever med pose på magen. Eg har for eksempel fått kontakt med ein likeperson og det har vore veldig nyttig for meg. Eg har også ei anna dame i same situasjon som gir meg mykje støtte. Eg er eigentleg kjempeoverraska over kor mange som har stomi.

– Ver med i eit program

Bente er tydeleg på at dersom du har moglegheit til å vere med i eit program, så bruk den sjansen.

– Eg har møtt folk som er like gamle som meg som har kasta avføringstestutstyret vi fekk. Dersom ein får slike testar er mi sterkaste oppfordring at ein må ta dei. Det gjeld tilbod om mammografi også. Møt opp til kontrollane, seier ho.

Bente har alltid likt å trene og var litt bekymra for korleis treninga ville bli etter å ha operert. Foto: Kjellrun Åsebø

Bente var også veldig usikker på korleis det å trene ville bli etter å ha lagt ut tarmen.

– To veker før operasjonen trente eg som ein gal fordi eg trudde eg aldri meir skulle få trene igjen, ler ho.

Etter operasjonen kunne ho nemleg verken ete eller trene slik ho var vand til.

– Eg må for eksempel vere veldig bevisst dersom eg skal løfte tungt. Men det vil gå over.

Bente trenar med stomi. – Det var uvant til å begynne med, men det har gått seg til. Foto: privat

For seks år sidan begynte ho å trene saman med ei på CrossFit VPC i Måløy, og no følte Bente at ho måtte fryse medlemskapen. Men treningsvenninna motiverte til å begynne igjen med trening i det små.

– Mia Solheim har vore heilt fantastisk. I seks år har vi vore treningsvennar. Det har vore ei eller fleire treningar i veka, ein fjelltur, ein joggetur eller berre ein gåtur for å prate. Ho er sjukepleiar, og eg har kunne snakke med henne om alt. Ho oppfordra meg til å vere med ut og gå tur i sommar.

Stomisjukepleiaren i Førde presiserte at Bente også kunne begynne å trene på senter igjen, men at ho burde ha tilpassa øvingar. Bente kontakta då Natalie Holvik Silden i Total Helse som laga eit program til henne.

– Eg begynte å trene på Måløy treningssenter igjen, også i gruppetimar der eg må gjere øvingane på min måte. Og eg blei med Mia igjen på CrossFit-timar, der eg også bruker øvingar som eg har lært av Natalie. No trenar eg begge plassar og plukkar dei treningane eg liker. Eg kan trene fleire gongar i veka, og det er like mykje for det psykiske som det fysiske.

Når ho trenar har ho på seg eit belte rundt magen som sikrar stomiposen.

– Eg er så heldig at stomisjukepleiaren har tilpassa stomibelte perfekt til meg, og eg har fleire til ulike anledningar.

Takkar treninga

Bente var i jobb igjen etter fire veker og er ikkje i tvil om at vegen tilbake til god form blei kortare fordi ho har trent heile livet.

– Eg er veldig glad for at eg hadde den fysikken inne. Målet mitt var tredelt: bli frisk, og jobbe og trene igjen. For då visste eg at livet mitt kunne bli noko lunde som før. Eg hadde faktisk ein dag i førre veke der eg gløymde at eg har stomipose på magen. Det var ei fantastisk oppleving, ler ho.

Mia og Bente på ei trening på CrossFit VPC Måløy. Foto: privat
Her er Bente saman med kollegaer frå Måløy vidaregåande skule under Crossfit mot Kreft. Heidi Myhre (f.v.), Charlotte Børresen, Bente Olseth, Anne-Linn Almenning, Iren Hammersvik og Amalie Hamre. Foto: CrossFit VPC Måløy
Bente var frivillig under Malakoff Rockfestival i år. – Då kom det bort ein der eg stod og kommenterte at han hadde stomi. Eg drog opp genseren og sa «Det har eg også», ler Bente og sa at det blei ein artig samtale av det etterpå. Foto: privat
Bente har vore med på motivasjonskampanjen på Måløy treningssenter. – Den er faktisk motiverande, ler ho mens ho festar ein klistrelapp ved namnet sitt etter enda trening. Foto: Kjellrun Åsebø
– Eg må gjere ein del øvingar på ein annan måte enn tidlegare, men no har det gått seg til, smiler ho. Foto: Kjellrun Åsebø
Bente er politisk aktiv og sit i kommunestyret i Kinn kommune for Høgre. Bildet er frå siste innspurt med utdeling av reklamemateriell i postkassene i Deknepollen. – Her var det Anett Berg og eg som gjekk saman, seier ho. Foto: privat
Bente har pynta til jul både i Måløy og på Flø der svigerfamilien kjem frå, og kan feire jul i eit år som har vore veldig spesielt for henne og familien. Foto: Kjellrun Åsebø

Fjordenes Tidende vil i ein artikkelserie ha fokus på trening og helse og møte menneske som har fått endra kvardagen sin takka vere trening.