Systrene Frida (23), Rebekka (21) og Sarah (25) Brobakke frå Bryggja storkoste seg på Malakoff Rockfestival.

- Malakoff må vi ha med oss kvar sommar. Stemninga er spesiell. Her treff vi folk vi kjenner frå før. Alle er her, og så blir ein kjent med nye. Malakoff er ein sosial treffstad, seier Sarah.

Dei to andre systrene bur i Trondheim til vanleg, men er heime på sommaren. Då må andre sommarplanar vike for ei real festivalhelg på Nordfjordeid. Systrene hadde pynta seg i fargerike solbriller og Hawaiiblomster, og var klar for god festivalstemning.

- Vi gleder oss mest til å høyre Gojira, og så var Matoma kjempebra på fredag, seier systrene då vi møtte dei laurdag.

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no.

Andre saker om Malakoff Rockfestival