Berre 13 av dei 61 prosenta som stemte ja til samanslåing i Vanylven går inn for ei felles kommune med Selje og Vågsøy. Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande seier dette var forventa.

- Eg har skjønt at det ikkje var stemning for ei samanslåing med Selje og Vågsøy, men eg er veldig glad for at vi har fått eit klart og tydeleg svar frå vanylvingane, seier ordføraren.

Landsverk Sande stemte sjølv for ei samanslåing med Vågsøy og Selje, men innbyggjarane ønskjer å gå nordover for å bli ein del av Runde kommune saman med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Heile 72,5 prosent av dei som røysta ja, stemte for Runde kommune.

61 prosent av dei røysteføre i Vanylven ga si stemme i den rådgjevande folkerøysting, noko ordføraren er godt nøgd med.

- Det er ingen politikarar som kjeme til å fundere på kva dei skal stemme. Det er heilt fantastisk at 61 prosent av dei røysteføre har sagt si meining. Vanylvingane har verkeleg kjent si besøkelsestid, og denne oppslutninga er på same nivå som ved eit godt lokalval, seier Landsverk Sande og legg til:

- Det har vore eit enormt engasjement. Uansett kor ein har gått har folk snakka om kommunesamanslåing. Eg har heile tida hatt ei kjensle av at Vanylven ville seie ja, men den siste tida har nei-sida mobilisert sterkt. Det verkar som at vanylvingane har bestemt seg over tid.

Kommunen hadde si fyrste innbyggjarundersøking i 2014, så ei undersøking i 2015, og ei næringslivsundersøking, og ordføraren trur dette har samanheng med engasjementet rundt kommunereforma.

Ottar Jan Løvoll. (Arkivfoto)

Ottar Jan Løvoll, som er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Vanylven, gjekk saman med Senterpartiet og delar av Venstre ut og rådde innbyggjarane til å seie nei til ei samanslåing. Noko 37 prosent av dei røysteføre gjorde.

- Resultatet er eit klart resultat, og eg er glad for og stolt over at innbyggjarane møtte opp. 63 prosent møtte opp for å seie si meining om eit retningsval og kommunestruktur. Mykje av grunnen til dette trur eg er debatten og engasjementet vi har skapt lokalt. Vi tok ein kamp saman med Senterpartiet og delar av Venstre der vi fekk fram dei gode kvalitetane kommunen vår har, gode teneste og god økonomi, seier Løvoll og legg til:

- Eg antek at alternativet om samanslåing med Selje og Vågsøy no blir lagt ned. Vanylvingane har sagt klart kva dei ønskjer og det er ei kommune på Sunnmøre.

Trass i at vanylvingane har gitt eit klart svar på kva dei ønskjer er politikarane spent på vegen vidare.

- Det blir spennande å sjå resultatet på ytre søre Sunnmøre, vi kan risikere at vi er dei einaste som seie ja, men eg trur og håpar at resultatet i kommunen vår blir lagt merke til og at dette kan påverke dei andre kommunane rundt oss, seier Landsverk Sande.

Les mer om valgdagen her: