Politiet går no ut med signalement på dei to personbilane som varinvolvert i den tragiske dødsulukka på Rv 15 ved Bryggja på skjærtorsdag.

Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum håpar det kan bidra til at folk somhar køyrd mellom Måløy og Nordfjordeid mellom klokka 09.00 og 10.00, og som har sett den eine eller begge bilane før ulukka, kan takontakt med politiet.

- Ulukka vart meldt klokka 09.50 på skjærtorsdag. Bilen som kom frå Eid i retning Måløy var ein sølvgrå Mercedes sportsbilmed to dører og utanlandske skilt, fortel Hvattum.

- Bilen som køyrde frå Måløy var ein mørkeblå Renault Megane personbil med norskeskilt.

Politiet har endå ikkje fått kontakt med sjåføren av ein buss som skal ha køyrd i retning Nordfjordeid og passert ulukkesområdet like før ulukka.

Politiet vil endå ikkje gå ut med årsaka til ulukka på grunn av at det gjenstår ein del etterforsking.

Som kjent så mista ei kvinne livet i ulukka. Ein person vart alvorlegskada, og ein person slapp frå ulukka utan fysiske skader.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.